Hopp til innhold

Trond Mohn reddar Hardangerbadet

Endeleg punktum for årelang millionstrid: Kvam får nytt storanlegg. – Gratulerer Kvam, Jondal og Hardanger!

Hardangerbadet i Øystese

HARDANGERBADET: Det ferdige anlegget får både konkurransebasseng og familiebasseng, og skal også ha eit eige helsesenter.

Foto: ABO - plan & arkitektur / Illustrasjon

Det er ein god dag for pådrivarane for Hardangerbadet i Øystese.

I dag vart det nemleg klart at Trond Mohn går inn med eit større beløp og dermed er det store badeanlegget fullfinansiert.

Kvam herad har varsla at dei vil gå ut med ei pressemelding i løpet av formiddagen, men NRK har fått bekrefta innhaldet.

«Gratulerer Kvam, Jondal og Hardanger!», skriv leiinga i Hardangerbadet og ordførarane i Jondal og Kvam i den førebelse pressemeldinga.

– No vert det ei realisering av heile komplekset med hotell, bad og helsesenter, fortel ordførar i Kvam, Jostein Ljones (Sp).

Hardangerbadet-tomt

HARDANGERBADET: Badeanlegget skal byggjast i tilknyting til Hardangerfjord hotell i sentrum av Øystese.

Foto: Vegard Berge / Hordaland Folkeblad

Kommunen måtte ut med meir

Hardangerbadet har skapt store diskusjonar sidan Kvam herad i 2015 sa ja til prosjektet.

Det store bade- og helseanlegget skal ligge i sentrum av Øystese, og politikarane i Kvam slo tidleg fast at alle involverte partar måtte ha dei økonomiske rammene på plass før kommunen ville gje endeleg grønt lys.

Likevel har det sidan 2015 vore usikkerheit og usemje rundt finansieringa, og i desember i fjor måtte kommunen spytte inn 4,5 millionar meir enn det som opphavleg var planen. I tillegg vedtok fleirtalet å støtte med driftsmidlar på i underkant av ein million kroner i året.

– Om det ikkje kjem ei avklaring no, byrjar båten å gå både frå kommunen og oss, sa dagleg leiar i Hardangerbadet AS, Martin Vik, til NRK i desember.

Takkar Mohn og entreprenøren

No har dei altså fått hjelp frå høgare hald, noko ordføraren er svært glad for.

– Det er takka vere Trond Mohn og LAB som er entreprenør at Hardangerbadet no vert realisert. Mohn bidreg med rimeleg mykje, og entreprenøren har gjeve oss eit totalanbod med prisgaranti. Det har vore avgjerande for at det ikkje skal bli usikkerheit rundt kostnadane, seier Ljones.

Ifølgje pressemeldinga har både LAB AS, Lingalaks AS og Trond Mohn/Meteva AS gått inn med fleire titals millionar kvar.

Badet vert bygd i tilknyting til Hardangerfjord hotell og skal innehalde helsepark, bade- og symjeanlegg, hotell og visingssenter for laks.

Dersom alt går etter planen skal det stå ferdig neste haust.

– Hardangerbadet blir eit fyrtårn og eit pilotprosjekt i Hardanger, seier Ljones.

Jostein Ljones

TAKKSAM: Ordføraren i Kvam, Jostein Ljones, fortel at det er mykje takka private gåver at dei no kan realisere Hardangerbadet.

Foto: Roy Bjorge