Hopp til innhold

Desse vegane får pengar

Samferdsle er mellom dei store vinnarane i framlegget til statsbudsjettet for 2010.

Ved Torvund

SKAL UTBETRAST: Det kan vere trongt om plassen når to lastebilar møtest på E39 ved Torvund. I framlegget til statsbudsjett for 2010 løyver regjeringa traseen 40 millionar.

Foto: Ottar Starheim/NRK

- Det er mykje bra for Sogn og Fjordane, både innan samferdsle og på andre område, seier Liv Signe Navarsete til NRK.

Som samferdsleminister er ho nøgd med framlegget til statsbudsjett, som regjeringa presenterer i dag.

Her er løyvingane

Totalt løyver regjeringa ei auke på 2,6 milliardar til veg på landsbasis.

Her er dei sentrale løyvingane for Sogn og Fjordane:

  • Kvivsvegen blir det det største prosjektet med 275 millionar kroner. Prosjektet omfattar omlegging av E39 i ny trasé gjennom Kviven, med bygging av vel 17 kilometer ny veg frå Grodås i Hornindal kommune i Sogn og Fjordane til Geitvika i Volda kommune i Møre og Romsdal. I tillegg kjem om lag 3 kilometer sidevegar og 1,5 kilometer gang- og sykkelveg. I prosjektet inngår mellom anna ein tunnel på om lag 6,5 kilometer og tre korte tunnelar og to bruer. Prosjektet vil gi ferjefri stamveg mellom Nordfjord og Sunnmøre, og vegen skal opnast for trafikk i 2012.
  • For aust-vestsambandet E16 over Filefjell ligg det inne 132 millionar på eigen budsjettpost. I tillegg kjem 80 millionar til strekninga Smedalsosen - Borlaug på same trase, der prosjektet omfattar omlegging av ei om lag 11 kilometer lang strekning. Ved Borlaug skal det byggjast rundkøyring og ny bru for riksveg 52. Det blir tunnel frå den nedste delen av dalføret opp til Maristova. Anleggsarbeidet skal etter planen ta til hausten 2010, og prosjektet er venta å opne for trafikk i 2013.
  • E39 Torvund - Teigen er løyvd 40 millionar. Her startar etter planen bygging av omkøyringsveg i januar 2010. Sjølve tunneldrivinga skal ta til i august, og det er planen å opne tunnelen for trafikk i 2012. Tunnelen blir 2,6 kilometer lang, heile veganlegget er 5,5 kilometer og vil korte inn vegstrekninga mellom Vadheim og Lavik med ein kilometer.
  • Det blir oppstart på Lavik ferjekai. Også Anda ferjekai får oppstart i 2010.
  • E39 forbi Førde får midlar til planlegging av omlegging.
  • Rv 5 i Kjøsnesfjorden får ytterlegare rassikringsmidlar.
  • Det blir oppstart på rassikring på E16, Gudvangen i Aurland.
  • Det er sett av midlar til rassikring av Loteberget langs E39 i Eid kommune.
  • Rv 13 over Vikafjellet har fått mellom to og tre millionar kroner i planleggingsmidlar.
  • Det er planlagt oppstart på rv 15 mellom Rise bru og Stryn aust med ei ramme på 44,2 millionar.

180 millionar til fylket

I framlegget til statsbudsjett har regjeringa sett av 180 millionar kroner til riks- og fylkesvegar i Sogn og Fjordane - utover dagens rammer.

Kvivsvegen kart

FÅR MIDLAR: Kvivsvegen ser ut for å bli det største vegprosjektet i Sogn og Fjordane i 2010.

Foto: NRK

Pengane kjem som ei følgje av at fylkeskommunane tek over ei rekkje vegar rundt om i landet frå 1. januar 2010.

Det er no opp til fylkestinget å avgjere kva for vegar som skal få del i desse pengane. Prosjekta med høgast prioritet i fylkeskommunen er Dalsfjordbrua og ferdigstilling av fastlandssambandet til Bremanger.

- Kva betyr 180 millionar for desse prosjekta?

- Med rentekompensasjonsordninga, bør det vere fleksibilitet til å gjennomføre slike prosjekt, seier Navarsete.

- Ei reell auke

Liv Signe Navarsete

NØGD: Samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

- No håpar eg Sogn og Fjordane har dei rammene som trengst for å gå laust på dei store oppgåvene, legg ho til.

- Ser du det som reell auke, eller er det ei vidareføring av dagens ordning?

- Det ligg ei reell auke her. I høve 2009-budsjettet er det 25 prosent vekst i tillegg til rentekompensasjonsordinga, seier samferdsleministeren.