Hopp til innhold

Ja til Dalsfjordbrua

Rett etter klokka fjorten onsdag gjorde fylkestinget eit historisk vedtak.

avgjerd dalsfjordbrua

GLEDE: Ordførar i Askvoll, Aud Kari Steinsland, omfamnar brukasjonist. Til høgre ordførar i Fjaler, Arve Helle.

Foto: MMS-foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Då vart nemleg det endelege vedtaket om å byggje Dalsfjordbrua gjort av fylkestinget. Over 30 år har folk i Fjaler og Askvoll kjempa for dette vegsambandet.

Berre Frp var mot

Vedtaket vart gjort med 35 mot fire røyster etter ein relativt lite engasjerande debatt. Det var tydeleg at saka var utdebattert då den endelege avgjerda skulle takast.

Fylkestinget reiste seg under avrøystinga, og berre Framstegspartiet sine fire representantar vart sitjande. I debatten om kva for vegprosjekt som skal få pengar dei neste åra, vart det berre Framstegspartiet som argumenterte mot brua.

Allsong i fylkestinget

Rolf Kleiven, leiar for aksjonsgruppa for Dalsfjordsambandet, følgde debatten frå bakerste benk og var svært nøgd då avrøystinga endeleg var klar.

– Det er heilt fantastisk. Eg er faktisk litt rørt. Vi har høyrd masse rart, og det var godt å få klarsignal etter å ha jobba i tolv år med å få dette til, seier Kleiven.

Aksjonistane som har kjempa for brua braut ut i allsong då vedtaket var fatta.

Fylkestinget vedtok også at fastlandssambandet til Bremanger skal ferdiggjerast og at det skal utgreiast om riksveg 60 mellom Olden og Innvik skal bompengefinansierast.