Fryktar totalt kaos på Olden-Innvik

Tidlegare ordførar spår endå meir kluss på utsett vegstrekning.

Vegen Olden-Innvik

KAN BLI KAOS: Tidlegare ordførar Oddvin Drageset fryktar fullstendig trafikkork mellom Olden og Innvik på riksveg 60 når Kvivsvegen står ferdig om to år.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Når Kvivsvegen er ferdig i 2012, vil det medføre totalt trafikkaos på strekninga Olden - Innvik på riksveg 60.

Det meiner Oddvin Drageset. Den tidlegare Stryn-ordføraren frå Senterpartiet trur endra trafikkmønster kan bli katastrofalt for Olden - Innvik, og tek no til orde for å ruste opp vegstrekninga i Nordfjord.

Er redd det vil korke seg

I 2012 skal Kvisvegen, vegutløysinga mellom Kalvatn i Volda og Grodås i Hornindal, stå ferdig. Dette vil korte ned reisetida frå Sunnmøre til indre Nordfjord med over ein halv time.

Men det kan også skape nye utfordringar for dei som skal vidare sørover til Sunnfjord.

- Når bilistane kjem til Kjøs bru i Hornindal og skal velje å køyre vidare anten via Nordfjordeid eller langs fjorden og over til Byrkjelo, er det kortare å køyre til Byrkjelo - i tillegg til at dei sparer ferjebiletten. Difor trur eg dei fleste vil velje å køyre Olden - Innvik. Og då vil det korke seg, seier Drageset.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Kvivsvegen kart

KVIVSVEGEN: Slik er den nye vegen mellom Sunnmøre og indre Nordfjord tenkt.

- Burde få naudsynte løyvingar

Den tidlegare ordføraren meiner ei slik utvikling vil vere uheldig for situasjonen langs den utsette vegstrekninga i Nordfjord. Drageset viser til at den frå før er utfordrande med elendig vegstandard, og at det er på tide å gjere noko.

- Dette er tullskap. Dei har planlagt og styrt på med denne vegen så lenge no, at dei burde vere klare til å gå laust. Og då burde vi få dei løyvingane som trengst, slik at vi slepp kaos og trafikkork når Kvivsvegen er ferdig, seier han.

Men ingenting tyder på at det kan komme ekstramidlar til riksveg 60.

- Det var gjort prioriteringar for lenge sidan. Vi kan ikkje bruke slike lister som ein kortstokk, seier medlem i samferdsleutvalet i fylket, Margretha Navelsaker.