Sogn og Fjordane Bondelag gav i første omgang terningkast basert på partiprogramma, men opna for å endre dommen etter å ha snakka med listetoppane ansikt til ansikt, med andre ord ein slags munnleg eksamen.

Per Steinar Osmundnes, førstekandidat for KrF. Arkivfoto NRK
Tre parti prata seg opp
Andrekandidaten til Arbeidarpartiet, Ingrid Heggø, greidde å heve karakteren frå fire til seks for sitt parti, det same gjorde Per Steinar Osmundnes for Kristeleg Folkeparti, og Heidi Grande Røys må ha gjort ein god figur i møtet med bondelaget, for SV betra terningkastet frå tre til seks. Og Liv Signe Navarsete greidde å forsvare den seksaren bondelaget hadde gitt partiprogrammet til Senterpartiet.
For betre inntektsutvikling
Alle desse partia forsikra bondelaget om at dei vil arbeide for ei betre inntektsutvikling for bøndene i Sogn og Fjordane, for støtteordningar som utjamnar driftsulemper, for like vilkår for levering av landbruksvarer over heile landet og for vern av nasjonal marknad i tingingar med WTO.
Venstre for vagt
Gunvald Ludvigsen greidde derimot ikkje å betre den trearen Venstre fekk for landbrukspolitikk i partiprogrammet sitt. Årsaka er i fylgje bondelaget einsidig fokus på nisjeproduksjon og vage formuleringar kring inntektsutviklinga for den tradisjonelle bonden.

Åge Starheim, førstekandidat for Frp. Arkivfoto NRK
H og Frp overtydde ikkje
Og dei to partia som fekk terningkast ein for programmet sitt, makta ikkje å overtyde Sogn og Fjordane Bondelag om at dei har ein landbrukspolitikk som er verd fleire auge på terningen. Åge Starheim frå Framstegspartiet og Mathias Råheim frå Høgre er ifylgje bondelaget verbalt positive til landbruket i Sogn og Fjordane, men dei vil redusere eller ta bort landbruksstøtta som skal vere med og vege opp driftsulempene, skriv bondelaget. Dei støttar heller ikkje vern om den nasjonale marknaden i tingingar med WTO eller om dei nasjonale marknadsordningane som sikrar avsetnad og lik pris til bonden uavhengig av kvar han bur.