Nestleiar Ester Løvland trur ikkje organisasjonen deira kjem til å bli mindre prioritert enn Norges Bondelag, sjølv om den nye landbruksministeren er styremedlem i bondelaget.
Landbruksminister Terje Riis-Johansen. Foto: Ken Willy Wilhelmsen, NRK
- Skal endeleg få beskjed
- Eg håpar han jobbar for alle bøndene, slik vi i bonde- og småbrukarlaget ville ha gjort. Men er vi ikkje samde med det han gjer, så skal han endeleg få beskjed, seier Ester Løvland.
Ikkje berre samdrift
Ho håpar landbruksminister Terje Riis Johansen mellom anna vil støtte opp om bønder som ikkje vil starte med samdrift. - Eg ventar at han ordnar det slik at vi får leve alle bøndene både i Sogn og Fjordane og resten av landet, og ikkje berre dei som går saman i samdrifter, for det ville vere ein katastrofe for Sogn og Fjordane, seier nestleiaren i Sogn og Fjordane Bonde- og småbrukarlag.