Nye arrestasjonar i hasjsaka

Ytterlegare tre personar er torsdag arresterte etter politiet sine narkoaksjonar mot vidaregåande skular i Bergen.

montasje beslag

BESLAG: Her er nokre av beslaga politiet har gjort i narkoaksjonane mot vidaregåande skular i Bergen.

Politiadvokat Marita Mellingen

NYE ARRESTASJONAR: Politiadvokat Marita Mellingen fortel at politiet har arrestert tre nye menn i samband med narkoaksjonane på vidaregåande skular i Bergen.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Dei tre mennene sit no i avhøyr med politiet, skriv Bergens Tidende.

Det var i dag tidleg at dei tre mennene, som er i starten av 20-åra, vart arresterte i Bergen. Dei er sikta for bruk og for å vera i besittelse av narkotika.

Arrestasjonane kjem som følgje av det tolv kilo store cannabisbeslaget politiet gjorde på Vaksdal i januar, samt aksjonane mot vidaregåande skular i Bergen førre veke.

– Alle er sikta for besittelse og bruk av narkotika. Det er marihuana og i likskap med dei andre sakene så er dei også mistenkt for å ha brukt hardare stoff som kokain, seier politiadvokat Marita Mellingen til NRK.

Dukka opp i etterforskinga

Mellingen seier at dei tre er i omgangskrets med dei arresterte i skuleaksjonane førre veke.

– Det er namn som har dukka opp i etterforskinga. Dei tre inngår i omgangskretsen til fleire av dei vi har arrestert i saka, seier Mellingen. Ho presiserer at det ikkje er snakk om avgangselevar.

– Det blir ikkje fengslingsmøte og alle tre vil bli sleppt fri etter avhøyra i dag.

– Er det venta at det blir fleire pågripingar?

– Det kan vi ikkje sjå bort frå.

Sett fri frå varetekt

Samstundes som tre nye personar er arresterte i saka, har polititet sett fri ein av dei to elevane som vart fengsla 18. februar. Dei to 18-åringane var mistenkt for å forsyne forsynt russemiljøet i Bergen sør med cannabis.

- Den andre av dei sit framleis i varetekt. Vi vil vurdere å sleppe han fri etter at dei tre nye er avhøyrt. Men vi har ikkje tatt endeleg stilling til dette.

- Har dei framleis status som sikta?

- Det har dei, bekreftar Mellingen.