Hopp til innhold

Éin person kritisk skadd i alvorleg trafikkulykke på E16

Totalt åtte personar var involvert i ei trafikkulykke mellom tre personbilar og tre semitrailerar ved Bulken på Voss onsdag kveld. Éin person er sendt til sjukehus med kritiske skader.

Alvorlig Trafikkulykke på Voss

ALVORLEG: Tre semitrailerar og tre personbilar har vore i et alvorleg trafikkulykke på E16.

Foto: Sander Schadenberg / Avisa Hordaland

Til saman tre semitrailerar og tre personbilar var involvert i ei alvorleg trafikkulykke på E16 ved Bulken onsdag kveld.

Totalt var åtte personar involvert i ulukka.

– Éin person sat fastklemd og er kritisk skadd, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik i politiet til NRK torsdag morgon.

Den skadde, ei kvinne, vart først frakta til Voss sjukehus med ambulanse. Deretter vart ho frakta til Haukeland universitetssjukehus med redningshelikopter.

– Luftambulanse vart rekvirert frå Bergen, men grunna vêret kunne det ikkje komma seg til Voss. Difor vart det rekvirert redningshelikopter frå Florø til sjukehuset, seier operasjonsleiaren.

E16 ved Bulken på Voss er stengd etter ei trafikkulykke mellom to personbilar og to semitrailarar. Éin person er sendt til sjukehus.

E16 ved Bulken på Voss er stengd etter ei trafikkulykke mellom tre personbilar og tre semitrailerar. Éin person er sendt til sjukehus.

Glatt på staden

Ingen andre av dei åtte personane skal ha fått alvorlege skader.

Politiet fekk melding om ulukka rett før klokka 22.30 onsdag kveld, og naudetatane rykte ut.

Mellom anna vart brannmannskap frå Evanger og Voss sendt ut for å hjelpa helseetatane.

Brannmannskapa skal ha god kontroll på køyretøya.

– Det står fram som ei alvorleg ulykke, sa vaktleiar Stian Kvam i 110-Vest onsdag kveld.

– Det er svært glatt i området, stadfestar Kvam.

Siste bilde av e16

Naudetatane rykte ut med store mannskap. Mellom anna totalt fire biler frå brannvesenet på Evanger og Voss.

Foto: NRK-Tipsar

Vegen var heilt stengd, men er torsdag morgon open med lysregulering.

Høyrde smell

Rundt 02.30 er naudetatane ferdig på staden. Men trafikken blir dirigert.

Eit vitne på staden var ute og lufta hunden då han høyrde eit smell.

– Så kom det berre fleire og fleire naudetatar til staden.

Det er manuell trafikkdirigering på staden.

Onsdag kveld rasa eit tre og steinmassar ut på same vegen nærare Bergen. Der er to tunnelar stengde til torsdag ettermiddag.

Les også Tre og jordmassar sperrar E16 i Bergen – tunnellane stengt til torsdag

e16 trafikk tree

Retting: Politiet melde først at det var snakk om to lastebilar, dei endra dette til to semitrailerar klokka 23.25. Så til tre semitrailerar. Klokka 05.50 opplyste politiet at det var tre semitrailerar, tre personbilar, og åtte personar involvert.