Hopp til innhold

Tore åt seg frisk frå diabetes type 2

Behandling av diabetes 2 har i dag for mykje fokus på medisinar og for lite på mat, meiner ernæringsfysiologar bak ny forsking.

Tore Kjærgård på vekta hos Kristin Amundsen

SLANKA SEG: Tore Kjærgård har gått frå 108 til 84 kilo.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Tore Kjærgård går på vekta på kontoret til ernæringsfysiolog Kristin Amundsen. Pilen stoppar på 84 kilo.

– Før eg byrja her vog eg 108. Eg merker ein enorm skilnad.

Det er ikkje berre ein lettare Tore som er på kontroll denne dagen. Men og ein friskare 68-åring.

– Eg har diabetes type 2. Eller, eg hadde det. Før eg byrja her.

Kjærgård fekk ein diett med 900 kaloriar dagleg i tre månader. Så har fokus vore å halde vekta nede.

I dag lever han utan plager. Og dei daglege blodsukkermålingane stadfester at ting er som normalt.

Tore Kjærgård
Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Forsking på kosthald og diabetes

– Nøkkelen er å gje pasientane eit personleg tilpassa kosthald. Då ser vi gode resultat, seier forskar og klinisk ernæringsfysiolog Amundsen ved Universitetet i Bergen.

Dei har gjennomført første del av forskingsprosjektet sitt. Allereie no meiner dei å kunne konkludere med at resultata er særs gode.

Dei fleste med diabetes type to vert friskare av å legge om kosthaldet.

Dette meiner dei må få konsekvensar for korleis menneske med denne diagnosen vert behandla.

– Eg vil seie at det ikkje finst eit tilbod kring korleis du bør ete. Det einaste er at fastlegen kan syne til til eit startkurs. Der er det eit kosthaldsforedrag.

– Men det er ikkje råd å få hjelp av ein ernæringsfysiolog, eller oppfølging over tid.

No tek dei inn fleire pasientar til del to av forskingsprosjektet. Dei håper å kunne samle nok bevis for å endre måten denne pasientgruppa vert behandla på.

Det er kjend at ei endring av livsstil kan føre til remisjon, tilbakegang av sjukdomen. Men dette er vanskeleg for kvar enkelt å få til åleine.

Difor meiner forskarane mange er unødvendig mange er sjuke, og avhengige av medisinar.

Kristin Amundsen, klinisk ernæringsfysiolog, UiB

Kristin Amundsen vil gjerne ha fleire deltakarar på forskingsprosjektet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Drikk mindre øl

Tore Kjærgård seier han framleis kan kose seg med ein øl, men at det vert mykje sjeldnare og mindre enn tidlegare.

Elles er det mykje knekkebrød og havregraut. Lyst brød har han heilt kutta ut.

Både han og forskarane er samd om at det er viktig å finne fram til eit opplegg som er til å leve med for pasientane.

I byrjinga er det ein streng diett. Fokus er på vektnedgang. Så er det oppfølging over tid for å vere trygg på at livsstilsendringa held seg.

No er han innom forskarane på Haukeland ein gong i månaden for å finne ut om betringa i helsa er varig.

Blodsukkeret til Tore held seg på eit normalt nivå, heilt utan bruk av medisinar eller insulin.

– Eg er utruleg takksam for at eg fekk vere med på dette prosjektet. Livet mitt har blitt mykje betre. Eg tør å planlegge for mange gode år framover, seier Kjærgård.

Kjærgård håper det vert vanleg å tenke på mat like mykje som medisinar i behandlinga av diabetes type 2 i åra som kjem.