Hopp til innhold

Tommy (14) imponerte alle

Tommy Gryttingslien frå Jølster tok søndag sølv under NM i bogeskyting i Kristiansand.

Tommy Gryttingslien imponerte under NM i bogeskyting i Kristiansand.

Tommy Gryttingslien imponerte under NM i bogeskyting i Sørlandshallen.

Foto: Magnus Stein

14-åringen, som konkurrerer for Førde bogeskyttarklubb, var mellom dei yngste i klassa si, Recurve kadett gutar.

- Han skyt mot inntil to år eldre utøvarar. På det alderstrinnet utgjer det veldig mykje når du er er nybyrjar. Dette er ein sterk prestasjon, seier Magnus Pilskog Stein - tidlegare norgesmeister i bogeskyting.

Prega av alvoret

I finalen møtte Gryttingslien to år eldre Joakim Skjæveland. Ein skyttar han slo i innleiande runder. I finalen fekk jølstringen 103 poeng, mot Skjæveland sine 115.

- Vinnaren skaut utruleg bra, samstundes som Tommy var litt prega av alvoret. Vanlegvis plar han skyte nokre poeng meir, seier Pilskog Stein.

Stort talent

Førde har tradisjonar for å gjere det bra på større meisterskap i bogeskyting. Det er likevel liten tvil om at det er byrja å bli nokre år sidan bogeskyttarklubben hadde eit så stort talent som Gryttingslien. I februar vart han krinsmeister i bogeskyting.

- For å vere 14 år og skyte så godt, så er han eit stort talent. Det blir artig å sjå om han kjem inn i ei nasjonal satsingsgruppe, seier Pilskog Stein - bogeskyttaren som truleg var Førde sitt siste store talent på juniorsida. Han følgde i fotspora til kom i kjølvatnet av suksessen til Martinus Grov .

Smørdal til topps

I tillegg til Gryttingslien stilte også Pilskog Stein i klassa herrer recurve. Her vart det femte plass. Pappa Ole Magnar Stein enda på sjette plass i klassa recurve herrar 50.

Også bogeskyttarklubben i Loen stilte med fleire skyttarar. Odd Martin Mørk gjorde det best av desse og tok seg til finaleskytinga der det vart exit i kvartfinalen.

Magnar Smørdal frå Eid, som skyt for Moss, vann gullfinalen i klassa compound herrer 50.