Med 599 av 600 moglege poeng fekk publikum i Førdehuset sjå kvifor bogeskyttaren vert rekna som ei komande stjerne.
Anders Faugstad sette ny noregsrekord for senior, ny europeisk juniorrekord og tangerte verdsrekorden for juniorar.
– Det er det desidert råaste eg har opplevd. Det var heilt vilt å skyte dei tre siste pilene, med alle som stod bak og klappa, fortel 19-åringen frå Klepp bueskyttere.
Tok friår
SISTE SERIE: Anders Faugstad sletta læremeister, og landslagstrenar, Morten Bøe (Sandefjord) sin ni år gamle noregsrekord for senior, i tillegg til sin eigen juniorrekord og både europa- og verdsrekord for juniorar.
Foto: World Archery NorwayRogalendingen har sikla på dei to internasjonale rekordane ei stund, og gjorde eitt forsøk i fjor. Då vart det med 593 poeng. Sidan har han teke friår frå studiane og auka treningsmengda for å gripe siste sjanse til å ta juniorrekordane. Til neste år er han senior.
Siste vekene har seks av døgnet sine 24 timar gått til trening. Det gav altså full utteljing under senior-NM i Førdehuset.
– No har eg eigentleg vunne mitt eige NM. Alt anna som kjem no blir bonus. Det blir det same for meg om eg blir nummer to eller tre – berre ingen får 600 poeng, seier Faugstad.
– Imponerande
Endre Vik Larsen, utviklingsansvarleg i Noregs Bueskytterforbund, var imponert allereie etter dei 30 første pilene.
Imponerte vart også både presidenten og generalsekretæren som samla seg rundt den talentfulle 19-åringen før dei siste pilene.
– Dette er imponerande. Anders er ei kommande stjerne. Ein må hugse på blinken er totalt 40 centimeter i diameter, og dei skyt frå 18 meter. Det skal litt til å halde både nervar og teknikk under kontroll, seier han.
I godt selskap
– Det er vilt å tenkje på at det berre er eg og ein annan som har gjort dette som 19-åring, seier Faugstad.
Christopher Perkins (Canada) var den første som gjorde det i 2011. Han er seinare blitt verdsmeister som senior. Det er heller ikkje noko ubetydeleg namn som i 2012 sette ny europarekord for junior med 598 poeng.
Nederlandske Mike Schloesser, også kalla «Mister X», har seinare sett verdsrekord med 600 poeng. Altså fullt hus.
To VM i 2019
At Faugstad var eitt poeng frå å sjølv skyte fullt hus, tenkjer han ikkje så mykje på.
– Det var eigentleg ein fortent niar. Det var eit dårleg skot, gliser han og heller vel å glede seg over 59 tiarar.
19-åringen har tidlegare 2.-plass frå EM-utandørs for junior og bronse frå junior-EM innandørs. I år går turen til både senior- og junior-VM. Om to år er det store målet å vere med på World Games.
NM i Førdehuset held fram med lagkonkurranse laurdag, medan det søndag er duka for finalerundane i den individuelle konkurransen.