Hopp til innhold

Gullguten: – Dette har eg trent for i to år

Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen tok gull under 10 kilometer klassisk under junior-VM i langrenn i sveitsiske Goms. – Det var utruleg artig. Det er ein draum eg har trent for i to år.

Jon Rolf Skamo Hope - junior-verdsmeister, 10 kilometer klassisk, Goms i Sveits

BEST: Jon Rolf Skamo Hope var favoritt før 10 kilometer klassisk i VM og innfridde forventningane.

Foto: JWSC

19-åringen er tydeleg høgt oppe når NRK snakkar med han på telefon like før klokka 17 tysdag ettermiddag. Då har han allereie lagt ein plan for korleis han skal feire VM-gullet.

– Det blir kanskje litt kake til dessert etter middagen med dei andre norske utøvarane i dag, seier den sindige glopparen.

I sitt tredje junior-VM på rad klarte Skamo Hope endeleg å ta ei individuell medalje, og det vart i tillegg gull. Både russiske Sergey Ardashev, på sølvplass, og Skamo Hope sin lagkamerat Jørgen Lippert, på bronseplass, måtte sjå seg slått av den suverene utøvaren frå Hyen.

Får skryt av Hjelmeset

I starten låg Skamo Hope nokre sekund bak russiske Sergey Ardashev, men mot slutten var han overlegen og vann med ni sekund. På plassane bak russaren følgde tre nordmenn til.

– Taktikken var å gå roleg og kontrollert ut frå start, og så skulle eg avslutta hardt. Det lukkast eg med. Dette er min største siger i karrieren, sa Hope i eit intervju med arrangøren på stadion, ifølgje Langrenn.com.

Odd-Bjørn Hjelmeset har hatt en stor sesong og får nå mer ansvar på landslaget.

Odd-Bjørn Hjelmeset er full av lovord om Skamo Hope etter VM-gullet.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

– Prestasjonen er på lik linje med å bli verdsmeister som senior. Jobben dei legg ned er like stor og det er fantastisk bra, seier tidlegare verdsmeister på 50 kilometer, Odd-Bjørn Hjelmeset.

Og sjølv om Hjelmeset har tatt VM-gull på 5-mil og har fleire stafettgull frå VM, vart han aldri juniorverdsmeister. Skamo Hope er tidenes første frå Sogn og Fjordane som gjer det individuelt.

– Far min fekk melding av Hjelmeset rett etter målgang, så det er veldig kjekt at han følgjer med, seier Skamo Hope.

Starta sist

Jon Rolf Skamo Hope vert juniorverdsmeister i sveitsiske Goms

STERK AVSLUTNING: Etter ei sterk avslutning vart Jon Rolf Skamo Hope juniorverdsmeister.

Foto: JWSC

Som best rangert i verda på 10 kilometer klassisk gjekk Skamo Hope ut sist av alle og hadde tidene til dei andre å gå på.

I går sa Skamo Hope at målet var å kjempe om medalje og at draumen var å ta gull.

– Han har jobba hardt og sett store krav til seg sjølv. No har dette gitt resultat og det er berre starten på meisterskapen. Det kan bli fleire medaljar til Hyen, seier Hjelmeset.

Han meiner Skamo Hope kan hevda seg i verdseliten, også når han vert seniorløpar til neste sesong.

Jon Rolf Skamo Hope

TALENT: Jon Rolf Skamo Hope (bildet) kan hevda seg i seniorklassen alt neste år, meiner Odd-Bjørn Hjelmeset.

Foto: Ole Jørgen Bratland / Statoil

– Han har eit enormt potensial, han har litt å gå på teknisk, men han jobbar målretta. Når ein gjer det alt som junior er det eit godt teikn. At han vil herje i senior-VM i Seefeld skal vi nok ikkje venta, men at han kan gjere det bra i verdscupen trur eg, seier han.

Håpar på fleire medaljar i VM

For Skamo Hope blir det ikkje snakk om å suge for lenge på gull-karamellen i dag. Allereie torsdag er det duatlon, der utøvarane skiftar stilart undervegs.

– No skal eg ta inn inntrykka får i dag, og nyte dei litt. Så må eg nullstille meg og prøve å gjere eit bra renn på torsdag. Eg har alle moglegheiter for å gjere det like bra som i dag. Så no gjeld det å halde spenningsnivået oppe, og vere like svolten på å gjere det bra som i dag.

Søndag viste han god form på opningsdistansen sprint, men eit fall i finalen gjorde at kampen om medalje rauk.

I fjor fekk han med seg gull frå stafett frå junior-VM i Salt Lake City i USA.