Hopp til innhold

Om nokre timar kan han bli verdsmeister

Jon Rolf Skamo Hope meiner han har eit psykisk overtak på konkurrentane når han går ut som sistemann på favorittdistansen 10 kilometer klassisk under junior-VM i langrenn i Sveits.

Jon Rolf Skamo Hope

VERDAS BESTE? Tysdag ettermiddag får vi svaret på om denne unge glopparen tek med seg VM-gull heim frå Sveits.

Foto: Ole Jørgen Bratland / Statoil

– Eg føler eg har ein veldig fordel av å gå sist ut. Då har eg kontroll på tidene til konkurrentane mine, seier 19-åringen frå Hyen på telefon frå VM-byen Goms.

Årets junior-VM er Skamo Hope sitt tredje på rad, noko ingen andre utøvarar frå Sogn og Fjordane har klart før.

– Siktar mot gull

I går fekk han ein sterk start på meisterskapen då han enkelt tok seg vidare til finalen i sprintkonkurransen. Der gjekk han derimot på trynet og hamna sist.

Tysdag får han ein ny sjanse til å ta med seg ein individuell VM-medalje heim. Då på distansen 10 kilometer klassisk, som er den han likar best.

– Eg har ambisjon om å ta medalje. Eg siktar mot gull, men eg er nøgd om eg klarar medalje, seier Skamo Hope.

I fjor var han med på laget som tok stafettgull under junior-VM.

– Forma er bra

Sjølv om sprintfinalen altså enda med eit fall, fekk han viktige svar om at forma er der den bør vere.

– Sprint er ikkje mi sterkaste grein, men då eg kom meg til finalen er jo forma bra. Eg håpar det ikkje kosta for mykje å gå tre heat på spring. Men beina kjennest bra, så eg føler eg har restituert meg godt.

I fjor var junior-VM i Park City i USA, der utøvarane måtte prestere i løyper som låg 1800 meter over havet. Og det med litt jetlag i kroppen. I Goms i Sveits er det ikkje så mange høgdemeter, men likevel nok til at det merkast, seier den unge langrennsløparen.

– Det er litt høgde her, så eg å ha litt is i magen frå starten av i morgon for å få ei skikkeleg god avslutning.

VM-konkurransen 10 kilometer klassisk startar tysdag klokka 12.30.