Hopp til innhold

Gjorde comeback etter fire år - løfta meir enn nokon gong

Alexander Kirketeig (34) sette personleg rekord, norsk rekord, vart Norgesmeister og sikra seg gullklokka. Likevel fann han negativt nytt i comebacket - fire år etter at han la opp.

Alexander Kirketeig

MEISTER: Fire år etter at han la opp, var Alexander Kirketeig tilbake i styrkeløftmanesjen på fredag. Det enda i norsk rekord og norgesmeistertittel.

Foto: Stian Jensen

Den tidlegare landslagsutøvaren i styrkeløft fekk opp 240 kg i benkpress, 280 kilo i markløft og 325 kilo i knebøy. Med det var han 95 (!) kilo framfor nestemann i comebacket.

Med det flytta han Norgesrekorden totalt med ti kilo til 845 kilo. Og løfta 21,5 kilo meir enn han gjorde som landslagsutøvar. Med det tok han rotta på sine 12 konkurrentar i - 93 kilosklassa.

– Det er det som er problemet. Eg er i frykteleg mykje betre form enn då eg var på landslaget, delvis ler Alexander Kirketeig etter fredagens NM-konkurranse i Bergen.

– Har meir inne

For skrur vi tida ganske nøyaktig fire år attende, til 2009, la Kirketeig opp som styrkeløftar etter NM. Mykje skader sleit på motivasjonen. Sidan vart det nokre mindre regionale meisterskap. Comebacket fredag har han jobba mot sidan januar.

Det vart ingen personlege rekordar i dei individuelle løfta, men no er det ikkje langt i frå at han er tilbake i manesjen - «for godt». No siktar han seg inn på internasjonale stemner neste år.

– Eg har vore betre i ryggen på trening enn eg var som aktiv. Problemet då var at eg ikkje tålte totalbelastninga og ikkje fekk ut det eg var god for. Eg kjenner eg framleis har meir inne, seier han.

Så nærme...

Kirketeig sine personlege rekordar som landslagsutøvar er 242,5 kilo i benkpress, 287,5 kilo i markløft og 341 kilo i knebøy. Totalt har han aldri løfta meir enn han gjorde fredag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alexander Kirketeig

REKORD: Alexander Kirketegi var ikkje heilt nøgd med comebacket i Bergen.

Foto: Stian Jensen

– Eg opna lett med 325 i knebøy og hadde ein teknisk bom på 340. Hadde eg klart det, ville det vore tangering av personleg rekord. Då hadde eg vore nøgd. Så hadde eg 240 i benkpress, og mangla ein centimeter på å få strekkt ut 250 kilo. Det hadde blitt ein veldig fin pers, seier han og legg til.

– På markløft var eg sliten og bomma på 290. Det har eg hatt oppe på trening. Så eg var veldig nærme både på benkpress og markløft, og då hadde det vore 20 kilo til, seier Kirketeig, som konkurrerer for bergensklubben Odin.

Jakta gullklokka

– Det er jo slik at når du er så nærme på å gjere det veldig mykje betre, så blir du litt skuffa, held han fram og legg til at hans argaste konkurrent, Bo Andre Bergan, skadde seg i oppkøyringa og ikkje løfta i Bergen.

For det var i utgangspunktet forbundet si gullklokke som var motivasjonen til å stille på sitt første NM på fire år. Den blir delt ut etter poeng utrekna av forbundet. Då han gav seg i 2009 mangla han eitt av dei 20 poenga han trengde for å få denne.

– No sikra eg det siste poenget. Det er eg nøgd med, gliser han.

– Gløymer det aldri

Fram mot NM har Kirketeig trena kring halva av det han gjorde som landslagsutøvar.

– Korleis kan ein då forklare at du løftar så pass bra?

– Det som er med styrketrening og styrkeløft, du gløymer aldri korleis du gjer det. Det er mykje lettare å finne tilbake til forma du var i, enn om du driv uthaldsidrett. Og eg har alltid vore lettrent, så det skal lite til for å prestere. Eg har nok vore litt heldig med talentet der.

Trudde det ikkje sjølv

– Desse åra har eg ikkje hatt det same presset til å prestere som eg hadde på landslaget. Eg har fått jobba litt med teknikk, rørsle og prøvd meg fram og tilbake. No meiner eg å ha funne fram til rette måten å trene på, seier han.

– Men det må seiast, då eg i januar byrja å satse mot dette, så hadde eg faktisk aldri trudd at eg skulle bli så pass bra som eg er blitt, legg han til om det han meiner er hans fjerde NM-tittel i seniorklassa.

Etter konkurransen meiner han kroppen kjennes grei ut. Faktisk så bra at lysta på å halde fram med vektløfting er til stades.

– Eg kjem nok til å stille på fleire konkurransar i år, og NM til neste år. Men noko internasjonalt blir det ikkje. Ikkje i år. Eg har litt meir eg må gjere før det skjer, seier han.

Godt nivå

Trass dei gode resultata fredag, hevdar Kirketeig å vere rusten.

– Når du får så mykje vekt på stanga, så er det lett å få svikt i stanga. Sjølv om eg er sterkare, så har eg ikkje rutine til å takle det, fortel han og ikkje vil seie at nivået på styrkeløftarane er dårleg.

– No løfta eg 21 kilo meir enn eg gjorde som landslagsutøvar, men samstundes har også nivået blitt betre. Ein ti-12 herreløftarar er ekstremt gode, og dei beste blant dei beste i Europa og i verda.

Siktar mot VM

EM er allereie over for i år, medan kravet for å kvalifisere seg til VM i Stavanger er 880 kilo. Fredag var han berre fem kilo frå EM-kravet.

Kirketeig har frå før sjuandeplass i EM (2005), åttandeplass i VM (2005) og EM-bronse frå 2007.

– 880 kilo er langt unna, men EM-kravet kunne eg nok klart, seier Kirketeig.

– Kva tankar du gjer deg om eit VM 2014?

– Det er mange som har spurt meg om. Men no må eg kjenne etter korleis kroppen tek belastninga i dag. No kjennes det så greitt ut at om eg kjem meg i trening innan rimeleg, så er det ein ambisjon eg har, seier han.