Hopp til innhold

Kirketeig håpar på EM-sølv

Alexander Kirketeig er attende på landslaget i styrkeløft.

Førdianaren var sist på landslaget i 2007, men etter ein trøblete sesong med skade er han attende på landslaget til Dietmar Wolf.

- Eg kom attende i vår og har sett i gang att for fullt. Å kome attende på landslaget var heilt klart målet, seier Kirketeig.

- Går for medalje

Alexander Kirketeig

Ein av europas beste styrkeløftarar, Alexander Kirketeig, er attende på landslaget.

Førdianaren klarte ikkje å kvalifisere seg for VM som gjekk i november. Men i juni klarte han kravet for å delta i EM som går av stabelen i finske Ylitornio frå 6. til 10. mai. Ut i frå VM-resultata, håpar Kirketeig på EM-medalje.

- Eg er i så pass god form at eg bør ligge opp mot og over persane mine. Då bør samanlagten bli så pass bra at eg kjempar om medaljar, seier han.

Mr. Benkpress

Kirketeig, også kalla Mr. Benkpress, sette tidlegare i år ny norsk rekord i knebøy med 341 kilo. Dette er framleis persen hans i deløvinga. I markløft tel persen 287,5 kilo, medan Kirketeig har løfta 231 kg i benkpress.

- Slik VM var i år, så hadde eg teke sølv i deløvinga knebøy med resultatet. Hadde eg løfta alle persane mine, så hadde eg teke sølvet i samanlagten, seier han.

I tillegg til Kirketeig, er også floraværingen Alexander Høyvik (Odin) tilknytt juniorlandslaget gjennom prosjektet EM junior 09.