Hopp til innhold

Tok med seg ein bit av bylivet til Sandane

SANDANE (NRK): Ideen starta som ein useriøs samtale mellom to søstrer, då dei flytta heim vart den realisert. I litt over eit år har søskena drive bedrifta Lauget kaffi og kultur.

Lauget kaffi og kultur

STARTA BEDRIFT PÅ SANDANE: Søstrene Mariel Eikeset Koren (29) og Charlotte Eikeset Mundal (27). – Lauget er trendy, men samstundes veldig gamaldags. Ein kunde fortalde meg at det var som å gå på ein kaffibar i Oslo, fortel Mundal.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Søstrene Charlotte Eikeset Mundal (27) og Mariel Eikeset Koren (29) følte det mangla ein stad for kulturinteresserte kaffidrikkarar på Sandane. Då dei flytta heim starta dei opp sjølve.

Lauget kaffi og kultur

BYTEBIBLIOTEK: – Ein mann donerte heile Alfa Romeo-samlinga si. Eg trur folk set pris på å gi vidare bøker og magasin dei har likt sjølv. Vi har alt frå studiebøker, leksikon, barnebøker og spel. No har vi så mykje bøker at det berre er å ta med seg ei, fortel søstrene.

Foto: David Kandal / NRK

– Vi hadde ikkje starta om vi ikkje følte at tilbodet mangla. Vi ønska først og fremst å lage ein møteplass, seier Mundal.

Begge søstrene har utdanning frå NTNU, Mundal er arkeolog og Koren er organist. Kafedrift var ein ny arena, men dei har ein tanke bak alt dei gjer.

– Det er ein grunn til at kafeen heiter Lauget. Vi vil at folk skal føle at dei tek del i alt som skjer her, fortel Koren.

Tilflyttarar

Lauget

BAK DISKEN: No er dei ti tilsette på Lauget kaffi og kultur. Alle er damer, og dei fleste er i familie. – Vi skulle hatt ein mann her då, seier søstrene.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Vi tenkte dei fleste kundane kom til å vere på vår alder. Der fekk vi ei overrasking. Folk i alle aldrar stikk innom, seier Mundal.

– Mange snakkar om heimflyttarar, men stadig fleire flyttar hit som ikkje har familietilknyting. Dei har gått på folkehøgskulen eller på Firda VGS. No er dei i 30-åra og buset seg på Sandane. Det er interessant korleis lokalsamfunnet utviklar seg, seier Koren.

– Dei som har budd i byar har lagt seg til vanar. No er det eit liknande kafetilbod også her, fortel Mundal.

Lauget kaffi og kultur

EI STOVE FOR ALLE: Det aller meste av inventaret er gjenbruk. Ein god del har dei fått gratis. – Vi ønsker å vere ei stove i sentrum der alle kan kome og sitje lenge. Det gjer dei òg, seier Charlotte Eikeset Mundal.

Foto: David Kandal / NRK

Lokalt og økologisk

Det meste av inventaret har dei fått. Blant anna brukte skulestolar, bøker, pyntegjenstandar, magasin-samlingar og eit piano. På Lauget fokuserer dei på lokale økologiske råvarer. Dei sel mest kaffi, påsmurt brød som dei kallar blingsar og suppe.

– Kvar dag har vi heimelaga suppe. På laurdagane har vi graut. Dette synest mange er eksotisk, fortel Koren.

– Tanken er å drive mest mogeleg miljøvennleg. Vi har begynt å servere salat i sylteglas og registrert oss på appen Too good to go. Det gjeld å vere på utkikk etter nye løysingar, fortel Koren.