Hopp til innhold

Tok bilete av vindfenomen i Lærdal

Inger Handegård fekk hakeslepp då ho kom køyrande rundt svingen på E16: Der steig ei tornadoliknande skypumpe rett til vers.

Tornado i Lærdalsdalen

SJELDAN VARE: Ifølgje Meteorologisk institutt er ikkje ein så 'velskapt' trombe eit veldig vanleg syn.

Foto: Inger Handegård

– Det er den største naturopplevinga eg har hatt, seier Inger Handegård til NRK.no.

Ho er glad ho stort sett har med seg fotoapparatet når ho er ute og reiser. For søndag var ho på veg heim til Gaupne, då ho med eitt fekk auge på den store skypumpa like ved E16 på Ljøsne i Lærdalsdalen.

Det er Sogn Avis som onsdag skriv om den noko spesielle hendinga i Lærdal.

– Eg runda svingen, og sa berre «hæ?!» då eg fekk auge på ein tornado, humrar Handegård overfor NRK.no.

– Må ha vore fleire hundre meter høg

Ho har aldri skifta objektiv på kameraet sitt så raskt som då ho stressa for å sikre seg bilete.

– Skypumpa strekte seg oppover mot himmelen, og må ha vore fleire hundre meter høg, fortel Handegård.

– Eg måtte bruke vidvinkel for å få med heile fenomenet på bilete, seier ho.

LES OGSÅ:

Ikkje rapportert om skader

Klokka var seks på ettermiddagen, og det var heile 23 grader i Lærdal denne dagen.

– Eg har sjeldan eller aldri sett ein trombe med så fin struktur. Den er sjeldant velutvikla, seier klimaforskar Hans Olav Hygen til NRK.no.

Truleg har skypumpa - eller tromben - oppstått som ei følgje av at det var varmt i dalen og kaldt i høgda.

– Dette er stilig. Og eg reknar med at lause saker og ting må ha blitt flytta på - for det er stor kraft i slike tromber. Men det er klart; det er jo eit lite fenomen samanlikna med amerikanske tornadoar, seier han.

Ikkje ein tornado som dei amerikanske

– Eg vil nok ikkje kalle dette ein tornado, det er meir rett å kalle det ein trombe eller skypumpe. Det ser ut for å vere støv som vert virvla opp, seier statsmeteorolog Kristen Gislefoss.

Ifølgje definisjonen bør både regn og torden vere involvert for at ein står overfor ein tornado. I dette tilfellet meiner Gislefoss det er snakk om ein såkalla trombe - ei traktforma sky på undersida av ein skybase som ikkje strekkjer seg heilt ned til bakken.

– Eg forstår godt at folk synest dette er spennande. Det er ikkje eit daglegdags syn, og det er noko vi stort sett høyrer om frå Amerika - men det skjer frå tid til anna i mindre målestokk også her, seier Gislefoss.

Det skal ikkje ha blitt rapportert om skade som følgje av skypumpa i Lærdalsdalen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.