Hopp til innhold

Tok bilete av mystisk lys

I morgontimane sperra Frank Tangen augo opp, då han på webkamera såg eit noko spesielt lysfenomen i Florø.

Lysfenomen i Florø

UNDERLEG LYS: Webkameraet i Florø fanga opp dette spesielle lysfenomenet i morgontimane. Førebels er det ingen som veit kva det er.

Foto: floranett.no/weather

- Eg anar ikkje kva det kan vere for noko, seier Frank Tangen.

Klokka 05.30 tysdag morgon var han innom webkameraet på floranett.no. På eit av stillbileta oppdaga han eit underleg lys - og han var snar med å laste ned biletet til maskina si:

Oppe i høgre biletkant er det ein lysformasjon, som Tangen sjølv ikkje er i stand til å forklare.

- Det er ikkje feil med kameraet

- Det var berre tilfeldig at eg var inne og kikka på webkameraet. Eg tenkte første at det kunne vere ein komet, men då burde det vel ha vore nokre lyslinjer i biletet, spekulerer Florø-mannen.

LES OGSÅ:

Fenomenet vart fanga opp av kameraet på stillbilete, som vert automatisk oppdatert kvart minutt. Tangen kan difor ikkje seie noko om lyset var i rørsle.

- Eg har sjekka kameraet, og det er heilt reint, så det kan ikkje vere noko feil med det, seier han.

Webkameraet er plassert i Krokåsen i Florø, og peikar sørvestover i retning Alden.

- Folk har snakka om UFO...

- Det er ikkje lett å seie kva dette er for noko. Men det kan jo vere eit lys eller ein refleks frå ein bil som har lurt seg innpå, seier Steinar Skare ved Meteorologisk institutt.

Han har ikkje tru på at lyset kan vere eit meteorologisk fenomen, men kan ikkje gje eit sikkert svar på kva kameraet har fanga opp.

Sjølv har Frank Tangen inga tru på teorien om ein bil, ettersom det ikkje er vegar ved kameraet.

- Nokon har snakka om at det kan vere ein UFO og slikt, og ein byrjar jo å lure, humrar Frank Tangen.