Ei kvinne døde av skadane etter knivstikka, opplyser politiet i ei pressemelding klokka 15.06.
Kvinna var i slutten av 50-åra. Dei pårørande er varsla om dødsfallet.
Den andre skadde er ei kvinne i midten av 30-åra. Ho er lettare skadd.
Nav-tilsette angripne under samtale
Dei to kvinnene er tilsette i Nav i Bergen kommune. Dei skal ha blitt angripne under ein samtale på kontoret på Nav Årstad på Danmarks plass i Bergen.
Det var klokka 10.02 måndag politiet fekk det første av seks ulike nødanrop om knivstikkinga.
Tilsette på Nav-kontoret varsla om at ein gjerningsmann hadde knivstukke to Nav-tilsette. Knivmannen skal ha gått rundt i lokalet etter knivstikka.
Dei to skadde kvinnene blei køyrd til Haukeland universitetssjukehus, men livet stod ikkje til å redde for den eine av dei.
Kommunen sitt kriseteam er varsla.
– Ei tragisk og dramatisk sak som påverkar mange
Den antekne gjerningspersonen blei gripen på staden. Pågripinga skal ha gått føre seg utan dramatikk.
Mannen er i 30-årene, har utanlandsk opphav, men norsk statsborgarskap. Han kom til Noreg i 2011 og fekk norsk statsborgarskap i 2019.
Han er sikta for drap og grov kroppsskade, og er i arresten på politihuset i Bergen. Tysdag blir han framstilt for varetektsfengsling.
Ransaking hos mistenkt knivmann
På ein pressekonferanse måndag ettermiddag sa politiadvokat Christine Møen Wisløff at politiet ønsker tips frå folk som kan ha sett noko rundt Nav-kontoret på Danmarks plass rundt før klokka 10.
Observasjonar og andre tips kan bli gitt politiet på telefon 47 69 60 60.
Politiet har avhøyrt ti vitne i saka.
I 13-tida aksjonerte politiet mot ein adresse i Bergen, som den mistenkte mannen er registrert på.
Både sivilt og uniformert politi var på staden.
Med koffertar og utstyr i hendene kom politifolk ut av bygget i 14.30-tida.
Ukjend tilknyting mellom gjerningsperson og skadde
Politiet kom på staden fire minutt seinare og gjerningspersonen vart arrestert etter seks minutt.
Meldinga førte til ei massiv utrykking av alle naudetatar og politiet var væpna under aksjonen.
– Etterforskinga skal avklare kva som har skjedd og kvifor. Det skjer gjennom avhøyr, ransaking og andre typar tekniske undersøkingar. Vi er heilt i starten av etterforskinga, så det er mange spørsmål vi ikkje kan svare på no, seier politiinspektør Morten Ørn.
Tidlegare i dag snakka NRK med politiet sin innsatsleiar på staden, Synnøve Malkenes.
– Den sikta er arrestert av politiet, han skal vere uskadd og vil bli undersøkt av krimteknikarar.
Malkenes opplyste at gjerningsmannen skulle bli avhøyrt i løpet av dagen.
Det er førebels ukjend kva tilknyting den mistenkte har til dei som vart angripne.
Tilsette og brukarar av Nav-tenester som var til stades blir varetekne av helsepersonell.
Nav-direktør informert
Direktør for Nav Vestland, Anne Kverneland Bogsnes stadfestar at ho er gjort kjend med hendinga på Nav sitt kontor på Danmarks plass, men har førebels ikkje ytterlegare informasjon.
Nav-kontoret vil vere stengt resten av dagen då krimteknikarar skal undersøke åstaden.
Det same kontoret har tidlegare vore åstad for liknande hendingar. I 2012 vart ein mann arrestert etter å ha truga med å skyte alle på Nav.
NRK har tidlegare skrive om at det er innført tiltak for å sikre dei tilsette grunna svært mange trugsel- og valdsepisodar knytt til Nav-kontoret på Danmarks plass.