Hopp til innhold

Tiltalt hevdar offeret henta kniven og at dei hamna i basketak: – Eg var forbanna

Under rettssaken skal dei to tiltalte ha lagt ut oppfordring til å «ta» den fornærma mannen. No vedgår den eine tiltalte at han knivstakk mannen i 20-åra.

Kniv og åsted for knivstikking på Laksevåg

DRAPSFORSØK: To menn er tiltalt for å ta tatt seg inn i ein leilegheit på Laksevåg i fjor sommar og gått til åtak på ein mann med knivar. Tilfeldige forbipasserande kan ha redda livet til knivofferet.

Foto: Politiet/NRK

Ein 24 år gamal mann og ein 29 år gamal mann møter denne veka i tingretten i Bergen, der dei står tiltalte for drapsforsøk på ein mann i 20-åra natt til 11. juli i fjor sommar.

Ifølge medisinske ekspertar kunne knivofferet ha mista livet, om han ikkje hadde fått rask hjelp av tilfeldige forbipasserande som ringde politi og ambulanse.

– Dei var sinte då dei kom inn i leilegheita. Men til slutt trur eg dei koste seg. Dei leika med meg, sa den fornærma mannen då han vitna i retten måndag.

Innrømma knivstikking

Han fortalde også at han trudde han skulle døy. Han fortalde om korleis dei tiltalte først gjekk til åtak på han med knuste tallerkenar og ei knekt moppestang.

– Eg skjønte det var alvor då dei henta knivane. Alt eg tenkte på var å overleve.

På rettens første dag nekta begge straffskuld for drapsforsøk. Den yngste av dei to hevda å ikkje ha gjort noko gale den natta og at alt den fornærma sa i retten var «løgn».

Då den tiltalte 29-åringen forklarte seg tysdag, innrømma han mykje av det som er omtalt i tiltalen:

  • at han braut seg inn vindauga i leilegheita.
  • at han stakk fornærma i låret med kniv og elles slo «vilt» med ei moppestang.
  • at han sparka offeret kraftig i hovudet minst to gonger.

– Eg reiste meg opp frå golvet og eg var forbanna. Så sparka eg han, sa 29-åringen då han kommenterte dei svært sterke videoklippa som igjen vart synt for retten tysdag.

Knivstikking på Laksevåg i Bergen natt til 11. juli.

OM NATTA: Det var stor utrykking til leilegheita på Laksevåg natt til 11. juli i fjor.

Foto: Privat

Hevdar offeret henta kniven

Eit av klippa viser fornærma sittande blodig på golvet, med eit stort kutt i halsregionen, medan han tryglar om hjelp.

Så blir han sparka så kraftig i hovudet, to gonger, at det blir hol i gipsveggen ved bakhovudet.

Det var ei kvinne i leilegheita då dei to tiltalte tok seg inn. Ifølge aktor var ho kjærast med den tiltalte 29-åringen, men hadde blitt med den fornærma mannen heim den natta.

29-åringen, som tidlegare er bøtelagd og domfelt for ran og vald, forklarte at han høyrde lydar frå soverommet og hevda så at kvinna var i fare. Ho er eit sentralt vitne i saka og skal forklare seg seinare.

– Eg spør fornærma kva han har gjort mot ho og så svarer han meg ikkje. Eg blir sint og kastar ein tallerken i veggen. Då spring han ut av soverommet og bort til kjøkenet. Eg ser han kjem mot meg igjen og da har ein kniv i handa. Eg tok det første eg såg, ei moppstang, og så blei det eit basketak, forklarte 29-åringen.

BLOD:

BLODIG: Knivangrepet lét etter seg tydelege spor på soverommet til den fornærma.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas

Vurderte å rømme frå byen

Den medtiltalte 24-åringen har innrømma at han filma valden.

Påtalemakta har også lydopptak frå telefonavlytting dagen etter valden, der ein av dei tiltalte mellom anna fortel at «vi kuttet han opp».

Aktor og statsadvokat Rudolf Christoffersen prøvde å vise retten at han meiner mykje i forklaringane til dei to tiltalte ikkje er truverdig.

I samtalane frå telefonavlyttinga er det til dømes ikkje noko snakk om basketak eller at dei hadde panikk. Men det er mykje latter, påpeika aktor.

29-åringen forklarte vidare at då han oppdaga at den fornærma kom seg ut på gata, fekk han panikk og sprang frå staden.

Aktor la fram overvakingsbilete frå Bergen lufthamn Flesland og konfronterte den tiltalte med informasjonen om at dei også var på togstasjonen.

– Hadde de planar om å rømme frå Bergen, spurte Christoffersen.

– Ja, vi hadde tenkt å dra frå byen. Men vi hadde ingen plan. Det var berre det å kome seg vekk frå Bergen. Du kan tolke det som du vil, svara tiltalte.

Statsadvokat Rudolf Christoffersen

AKTOR: Statsadvokat Rudolf Christoffersen.

Foto: Eivind Fondenes / NRK

Politibetjent: - Ho var redd dei tiltalte

Også ein av politibetjentane som var først på staden ettter at fornærma vart funnen i gata, vitna i retten i dag.

Det var ho som gjorde det aller første avhøyret av kvinna som var inne i leilegheita saman med fornærma då dei tiltalte kom inn. Politikvinna fant vitnet inne på badet og snakka med ho der inne medan fornærma vart frakta vekk i ambulanse.

- Eg opplevde at ho var i sjokk og hyperventilerte, men innimellom fekk eg små drypp av kva ho hadde sett, sa politivitnet.

Ifølge ho forklara kvinna at ho vakna av at ein av dei tiltalte banka på vindauget på soverommet. Då hadde fornærma fått panikk, medan ho prøvde å gøyme seg under senga.

- Ho fortalde at den eldste tiltalte hadde byrja å slå fornærma. Ho prøvde å halde igjen den andre tiltalte i armen, men han klarte likevel å sparke fornærma i hovudet. Då sette ho seg inne på badet, sa politibetjenten.

Ifølge ho forklarte kvinna at ho hadde sett dei to tiltalte hente knivane inne på kjøkkenet.

– Ho var veldig redd og eg opplevde at ho var redd for dei to tiltalte, sa politibetjenten.

NRK følgjer ei digital overføring av rettssaka. Klokka 14.30, medan politibetjenten vitna, vart sendinga broten av. Etter planen skal også kvinna gi sin vitneforklaring i dag, men NRK har ikkje fått tilgang til sendingen frå tingretten igjen.

Dramatisk start på rettsdagen

Dag to av rettssaka byrja dramatisk.

Aktor tok ordet og fortalde at dei har oppdaga det dei meiner er ein oppfordring på Instagram om å ta knivofferet.

Ifølge Christoffersen har dei tiltalte fått tilgang til tolken sin mobiltelefon, medan dei følgde fornærma sin forklaring om valden frå eit anna rom i Hordaland tingrett i går.

Ifølge han vart posten lagt ut under hovudforhandlinga måndag og biletet er tatt i tingretten.

– Oppfordringen om å ta fornærma er også blitt gjenteken til ein av tilhøyrarane som er her i dag. Politiet har sjekka og vedkommande har eit kriminelt rulleblad. Eg ber difor retten om å lukke dører for tilhøyrarar. Det kan påverke forklaringane til sentrale vitne, argumenterte Christoffersen.

Han fekk medhald av dommar Bjørg Kvelstad, som bad tilhøyraren om å forlate salen og tingretten.

– Retten må også notere seg at dei tiltalte her har brote tilliten dei har fått av tingretten, sa Kvelstad.

Rettssaka vart stoppa

Christoffersen fortalde så at det no er oppretta ein straffesak på bildeposten som er lagt ut. Det betyr at tolken blir vitne mot dei tiltalte i den saka.

Forsvararane Marius Wesenberg og Ole Petter Grythe Hoff bad difor retten om å finne nye tolkar. Aktor var samd. Ny tolk var på plass frå 11.45.

Då saka starta opp igjen, nekta dei to tiltalte for at dei la ut oppfordring om å «ta» knivofferet.

24-åringen, som innrømma å ha tatt bilde og lagt ut posten på 29-åringens profil, meinte aktor og politiet har tolka meldinga feil.

– Det var ingen baktanke med dette. Det er lenge sidan vi har vore på sosiale media og vi tok sjansen på å poste et bilde, forklarte 29-åringen.