To menn sikta for drapsforsøk etter knivstikking

– Skadane på offeret ville vore dødelege om han ikkje hadde fått rask fyrstehjelp.

Knivstikking på Laksevåg i Bergen natt til 11. juli.

LAKSEVÅG: Det var i Håsteins gate på Laksevåg at knivstikkinga hende. Dei to mennene blei gripne på ei privat adresse i same bydel.

Foto: Privat

Laurdag 11. juli 03:30 gjekk alarmen på ein adresse på Laksevåg i Bergen.

Eit døgn seinare gjekk politiet til aksjon. Søndag ettermiddag arresterte politiet to menn, og sikta dei for grov kroppsskade.

Måndag er siktinga mot dei to utvida.

Frå kroppsskade til drapsforsøk

Dei er no endra til drapsforsøk, opplyser politiadvokat Are Nygård Bergh i Vest politidistrikt. Han er påtaleansvarleg i saka.

– Det er på bakgrunn av skadane fornærma var påført. Om han ikkje hadde fått rask fyrstehjelp, hadde dei vore dødelege, seier Bergh.

Dei to mennene skal i retten tysdag. Påtalemyndigheita vil be om å setja dei i varetekt i fire veker.

Er det kjenningar av politiet som er involverte i saka?

– Me er enno tidleg i etterforskinga, og det kan vera fare for tap av bevis. Difor vil eg ikkje gå nærare inn på kven dei sikta er, seier Bergh.

Har avhøyrt offer

Politiet har fått snakka med offeret i saka, men tilstanden til vedkommande er ikkje kjend.

Laila Kjærevik er forsvarar for ein av dei to sikta i saka.

– Klienten min erkjenner ikkje straffskyld. Vi kjem truleg til å be om lauslating under fengslinga i morgon, seier ho til NRK.

Ho vil ikkje seie noko meir om relasjonen mellom dei tre, eller kva som skal ha skjedd i bustaden på Laksevåg. Det vil heller ikkje politiet.