Hopp til innhold

Nektar for knivstikking og drapsforsøk, men politiet avlytta telefonen: «Vi stabbed ham»

Både video og lydopptak er sentrale bevis mot to menn i 20-åra som nektar for drapsforsøk i Bergen. Før politiet arresterte mennene, lytta dei og overvaka telefonane deira.

Kniv og åsted for knivstikking på Laksevåg

FANN KNIV: Etter tips frå naboar, fann politiet ein kniv på eit tak i nærleiken av leilegheita der knivåtaket skjedde. Kniven har DNA frå ein av dei tiltalte.

Foto: Politiet/NRK

Ein 24 år gamal mann og ein 29 år gamal mann møtte måndag i Hordaland tingrett i Bergen, der dei står tiltalte for drapsforsøk natt til 11. juli i fjor sommar.

Dei to mennene er tiltalt for å ha tatt seg inn og gått til åtak på ein mann i 20-åra i leilegheita hans på Laksevåg i Bergen.

Mennene skal ha brukt både moppestang, tallerkenar og kniv, samt sparka offeret i hovudet. Offeret fekk knivstikk i både halsen og i høgre lår.

– Dei var sinte då dei kom inn i leilegheita. Men til slutt trur eg dei koste seg. Dei leika med meg, sa den fornærma mannen då han vitna i retten måndag.

Dei to tiltalte mennene erkjente ikkje straffskuld for drapsforsøk då saka starta måndag.

– Eg hadde døydd om eg ikkje kom meg ut

Den alvorleg skadde mannen greidde etter kvart å ta seg ut av leilegheita. Ei kvinne som tilfeldigvis gjekk ut av ein drosje like ved oppdaga mannen og drosjesjåføren fekk tilkalla politi og ambulanse.

– Skadane kunne ha ført til døden, om ikkje mannen hadde fått rask behandling, sa statsadvokat Rudolf Christoffersen i opningsinnlegget sitt i retten.

– Eg hadde døydd om eg ikkje hadde kome meg ut av leilegheita, sa fornærma sjølv.

Aktor Christoffersen fortalde retten at ingen av dei tiltalte har vore villige til å forklare seg til politiet undervegs i etterforskinga.

Men påtalemakta sit med ei rekke bevis som knyter dei tiltalte til valdshandlingane. Statsadvokaten samanfatta bevisa slik:

  • Det er funne videoklipp på den tiltalte 24-åringen sin mobil, som politiet meiner viser deler av valdshandlingane. Det er også funne fleire videoar sendt til ein annan Snapchat-brukar. Nokre av dei svært sterke videoklippa vart spelt av i retten måndag.
  • Ei kvinne som var til stades i leilegheita såg deler av hendinga og peika også ut dei to tiltalte til politiet etterpå. Ho skal vitne i retten tysdag.
  • Blod som tilhøyrer den tiltalte 29-åringen er funne på eit knivskaft som vart funnen på eit tak i nærleiken av leilegheita. Det er også funne fingeravtrykk frå tiltalte i vindauget på soverommet.
  • Dei to tiltalte vart arrestert av politiet 12. juli 2020, dagen etter drapsforsøket. I mellomtida har politiet avlytta mobiltelefonane deira og lydopptak vil bli spelt av i retten.

Dei to mennene er også tiltalt for trugslar mot knivofferet, samt å ha forlate han i ein hjelpelaus tilstand. Også dette nekta dei straffskuld for.

Knivstikking på Laksevåg i Bergen natt til 11. juli.

OM NATTA: Det var stor utrykking til leilegheita på Laksevåg natt til 11. juli i fjor.

Foto: Privat

Grufullt videoklipp viser valden

Ifølge aktor er dei to tiltalte kompisar, medan fornærma er kjenning av dei to. På tidspunktet for valden, var den tiltalte 29-åringen kjærast med ei kvinne som denne natta tok taxi saman med fornærma heim til Laksevåg.

Kvinna og knivofferet er vener og naboar, ifølge statsadvokaten. Til retten hevda den fornærma at gjerningsmennene braut seg inn vindauget på soverommet.

Aktor spelte også av ein av videoane som vart funne på den beslaglagde telefonen til den tiltalte 24-åringen.

I det svært sterke klippet på ti sekund sit den fornærma blodig på golvet. Mannen har tydelege kuttskadar i halsen.

Medan han tryglar og skrik om hjelp, blir han mellom anna sparka kraftig i hovudet to gonger. Ein anna video som blir lagt fram viser knivofferet ute på gata medan han ropar om hjelp til ein bil som kjem imot.

Statsadvokat Rudolf Christoffersen

AKTOR: Statsadvokat Rudolf Christoffersen leiar saka for påtalemakta i Hordaland tingrett. Her i forbindelse med ei anna sak.

Foto: Eivind Fondenes / NRK

Politiet sikra seg telefonopptak

Forsvararane til dei tiltalte stilte fleire spørsmål om relasjonen mellom fornærma og kvinna som blei med i taxien til Laksevåg. Eitt av spørsmåla var kvifor kvinna vart med han heim den natta.

– Vi skulle berre henge litt saman, svara mannen.

Det var kvinna som peika ut dei to mennene for politiet. Før dei gjekk til pågriping dagen etter, starta dei overvaking og telefonavlytting av dei to.

Då den tiltalte 24-åringen starta på si forklaring i retten i dag, nekta han for å ha gjort noko gale i det heile tatt den natta.

Han fortalde at dei skulle på nachspiel i leilegheita, og at det var «heilt normalt» å ta seg inn vindauga om ingen opna døra fordi det var «vennen min sitt hus».

Han innrømma å ha sett medtiltalte og fornærma slåst inne på soverommet og han fortalde også at han filma det. Men han nekta for å ha brukt vald eller stukke fornærma med kniv. Han hevda også at han ikkje hadde sett knivstikking.

Det meste av det han fortalde, er løgn, sa den tiltalte om knivofferet sin forklaring i retten.

«Ja, kuttet han opp»

Ifølge 24-åringen oppfatta han at kvinna i leilegheita var i fare då han kom inn.

– Ho var i ein sjokktilstand.

Aktor orienterte retten tidlegare måndag at kvinna skal gi sin vitneforklaring tysdag, der ho skal fortelje meir om eit mogleg motiv for valden.

Aktor spelte så av fleire telefonsamtaler frå telefonavlyttinga av 24-åringens telefon. Samtalane er frå dagen etter. Aktor spelte først av nokre sekund og tiltalte bekrefta at det var hans stemme på opptaket.

Så spelte Christoffersen av meir av samtalen. Etter nokre minutt ser utskrifta av samtalen slik ut:

«Hva gjorde du med han bror»

«Bror vi stabbed ham mann, kakket han opp»

«Hæ»

«Eg stabbet han»

«Seriøst»

«Ja, kuttet han opp»

«He, he. Du er syk mann»

– Det er ikkje meg vi høyrer. Eg snakkar ikkje i telefonen på det tidspunktet, hevda 24-åringen, som også meinte nokre av samtalane var feil oversett av politiet sin tolk.

NRK sin journalist følgjer ei digital overføring av rettssaka og er ikkje fysisk til stades i retten. Det er tidvis svært dårleg lyd på delar av forklaringane frå vitneboksen.