Hopp til innhold

Tilsette blir trakasserte av barnevernskritikarar

NAUSTDAL (NRK): Folk frå heile verda har lagt sitt hat på den vesle kommunen.

Øyvind Bang-Olsen, rådmann i Naustdal

GJER DET DEI KAN: Naustdal kommune har aldri før opplevd eit så stort trykk på dei tilsette, og rådmann Øyvind Bang-Olsen seier dei gjer det dei kan for å skjerme dei. Likevel er han uroa for at kampanjen vil halde fram i lang tid.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Til tider har ikkje telefonen på rådhuset i Naustdal stått stille. Men trakasseringa og hetsen kjem også via epost og sosiale medium. Noko av det har vore så grovt at Sunnfjord-kommunen har gått til politiet.

– Dette er jo noko vi reagerer på. Og når vi har opplevd nokre av sidene som trakasserande, så har vi sjølvsagt politimeldt dette, seier rådmann Øyvind Bang-Olsen.

Bakgrunnen er saka der barnevernet har teke ut dei fem borna i ein norsk-rumensk familie i kommunen, fordi foreldra er sikta for vald. Dette har sett sinner i kok over heile verda og det har vore demonstrasjonar i fleire land. I tillegg har det storma rundt fleire norske, offentlege instansar, også den vesle kommunen.

Blir hengt ut

Tilsette i Naustdal kommune har blitt hengt ut med namn, familiebilete og telefonnummer på internett, av folk som protesterer mot barnevernet. Bileta er truleg stolne frå personlege profilar i sosiale medium.

Demonstrasjon mot barnevernet i London

HAT: Barnevernet har blitt kalla barndomsmorderar i samband med dei mange demonstrasjonane utanfor norske ambassadar i fleire land.

Foto: Støttegruppa si Facebook-side

– Vi har fått det som e-post, telefonar og som Facebook-oppdateringar. Vi har ikkje talt opp, men det var ganske mange telefonar på kort tid, seier rådmannen.

Kommunen har fått hjelp frå Fylkesmannen til å handtere saka, og gjer sjølv det dei kan for å skjerme dei tilsette.

– Vi gjer noko med telefonnummera, tek vekk telefonen og opprettar system slik at dei som skal jobbe med saker i Naustdal skal ha arbeidsvilkår som er fornuftige. Og så har vi sjølvsagt løpande dialog med andre partar for å vurdere innhaldet.

Men Bang-Olsen seier kommunen skal fungere normalt, trass i den veldige pågangen.

– Vi har ikkje alltid teke telefonen. På sosiale medium har eg også skrive tilbake i chatmeldingar for å seie at dette ikkje er greitt, men eg har ikkje fått respons.

Krevjande også for UD

demonstrasjon i dublin mot barnevernet

MASSIVT PRESS: Demonstrasjonar som her i Dublin har skapt stort trykk mot både norske myndigheiter, både i utlandet, nasjonalt her heime og lokalt.

Foto: Støttegruppa si Facebook-side/Daniel Catana

Og Naustdal er ikkje åleine i stormen. Utanriksdepartementet har fått fleire meldingar om demonstrasjonar i tilknyting til ambassadar. Reaksjonane kjem særleg frå det kristne pinsemiljøet i utlandet, ifølgje kommunikasjonsrådgjevar i UD Emma Kwesiga Lydersen.

– Folk opplever og trur at norske myndigheiter diskriminerer på bakgrunn av religion. Då har vi eit oppryddingsarbeid å gjere.

UD jobbar kontinuerleg med informasjonsarbeid, men opplever protestane som ein internettkampanje som er vanskeleg for styremaktene å kome i møte.

– Det er veldig mykje kjensleladde bilete, av norske flagg med hakekors eller barn som er slegne og som tydeleg har blåmerke og er blodige. Det er klart at dette vekkjer harme hos folk og den type kampanje opplever vi sjølvsagt som krevjande, seier Lydersen.

Naustdal sentrum sett frå andre sida av fjorden

SENTRUM AV STORMEN: Barnevernet i Naustdal har fått massiv kritikk frå heile verda, og dei tilsette i kommuneadministrasjonen merkar dette godt.

Foto: Alf Vidar Snæland