Då barnevernet tok dei fem barna frå foreldra som er sikta for å bruke vald i oppdraginga i den norsk-rumenske heimen i Sogn og Fjordane, sette det sinna i rumenske miljø og i pinsemeinigheiter verda rundt. Støttespelarane meiner Norge vil nekte borna ein kristen oppvekst.
BARNDOMSMORDERAR: Det er ein av bodskapane demonstrantane fremja over heile verda.
Foto: Støttegruppa si Facebook-sideFredag var det store demonstrasjonar utanfor dei norske ambassadane i Washington D.C., Dublin, London, Barcelona og København. I London skal rundt 1200 menneske ha møtt opp, ifølgje arrangøren. I Washington var det truleg over 700 som deltok i demonstrasjonen, medan det Irland nesten var like mange.
Laurdag er det planlagt nye demonstrasjonar i landa Romania, Belgia, Tyskland, Canada, Italia og Nederland. Og slik held støttespelarane det gåande ut januar.
Kontakt med rumenske myndigheiter
Regjeringa følgjer situasjonen nøye, og jobbar med å få ut informasjon om det norske barnevernet til både media og myndigheiter i andre land.
– Når det gjeld denne saka har det vore utstrekt møteverksemd mellom den norske ambassaden i Bucuresti og rumenske myndigheiter, både på politisk nivå og embetsnivå, seier Kai-Morten Terning (Frp), statssekretær i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.
LONDON: Minst 1200 menneske i London synte fredag kva dei meinte om det norske barnevernet.
Foto: Støttegruppa si Facebook-sideStatssekretæren seier det viktigaste for regjeringa no blir å få fram korleis det norske barnevernet jobbar.
– Vi må få fram at dette er enkeltsaker som først blir handtert i fylkesnemndene og vidare i det norske rettsstellet der foreldra, om dei ønskjer, får tilgang på fri rettshjelp, og at dette ikkje er saker som norske myndigheiter går inn ifrå nasjonalt nivå.
- Les også:
Sterkt press på norske myndigheiter
Terning vil ikkje seie kva han meiner om protestane, men han er kjend med at barnevernstenesta i ein del kommunar har opplevd stort press på seg i ein del saker. Men om det er større engasjement rundt denne saka enn ved tidlegare saker veit han ikkje.
– Vi veit at slike saker vekkjer mykje engasjement, og det har vi forståing for. Då er det viktig at norske myndigheiter, i godt samarbeid med våre ambassadar, informerer om det norske barnevernetog kva rettsvern foreldra som opplever å miste omsorgsretten har, seier Terning.
WASHINGTON: I USA sin hovudstad skal over 700 menneske ha møtt opp for å støtte familien frå Sogn og Fjordane.
Foto: Credo-TVRegjeringa har, ifølgje statssekretæren, utarbeidd retningslinjer for korleis kommunar, fylkesmenn og andre skal handtere slikt press.
– Vi har også vedteke ein konvensjon som gjer at vi kan ha betre samarbeid på overordna nivå med myndigheitene i andre land. Der er det også slik at viss barna har ei sterk tilknyting til eit anna land, og det er til barnets beste, kan heile saka flyttast til myndigheitene i det landet og få omsorg der.
STORT PRESS: Demonstrantar både i Dublin og andre stader i verda har lagt eit enormt press på ambassadane også i tida før demonstrasjonane fredag.
Foto: Støttegruppa si Facebook-side