Bør skyta dobbelt så mykje hjort i år: – Uaktuelt, seier jeger

Frykt for skrantesjuke gjer at jegerane bør skyta dobbelt så mykje hjort og elg i Nordfjella-regionen i år.

Kronhjort hjort bukk frønningen

VIL FELLE FLEIRE: Jegerane slit med å klare å felle så mange hjortar som styresmaktene vil.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Det er heilt uaktuelt, seier leiar i hjorteutvalet i Aurland, Sigurd Vikesland.

I tilrådinga frå styresmaktene står det at i Aurland kommune skal 688 dyr skytast i år.

– Me er nøgde om me klarar 200, seier Vikesland. I fjor felte dei 182 hjortar i kommunen.

Vinteren 2016 blei det oppdaga skrantesjuke på villrein i Nordfjella sone 1, som breier seg over fem kommunar i Skarvheimen.

Sjukdomen har vore omtalt som den største trusselen mot norsk natur nokon gong, og difor blei heile villreinstamma i sonen utrydda.

Miljødirektoratet og Mattilsynet tok også til orde for å halvera bestanden av hjort og elg i det aktuelle området og i regionen rundt, sidan sjukdomen kan liggja att i naturen og spreia seg til andre hjortedyr.

Treng vilje lokalt

Men tal frå Norsk institutt for naturforsking (NINA) viser at 13 av dei 15 kommunane ikkje har greidd å fella nok hjort og elg.

Lærdal er blant dei to kommunane som har klart det.

Hjort skote høgt til fjells

KLARE TIL HENTING: Fleire dyr vert skotne i meir avsidesliggjande område når dei kan bli henta ut med helikopter.

Foto: Rein Arne Golf

– Eg har drukke mange liter kaffi i lange møtetimar for å finna ut kva me kunne gjera for å få felt nok dyr, seier Knut Fredrik Øi.

Han er viltforvaltar i Lærdal, Årdal og Aurland.

I fjor vart det i Lærdal skote vel 100 fleire dyr enn det tilrådde talet på 362.

Øi forklarer det med at jakttida er utvida, at kommunen har gitt tilnærma frie fellingskvotar, og at Statens naturoppsyn har hjelpt til ved å fly ut felte dyr frå avsidesliggjande jaktområde.

Knut Fredrik Øi

FORVALTAR: Viltforvaltar i Lærdal, Aurland og Årdal, Knut Fredrik Øi, ser effekten av at ein på lokalt nivå vil redusera hjortebestanden for å faktisk få det til.

Foto: Aurland fjellstyre

I tillegg har kommunen hatt eit prosjekt der dei har sett opp kjølecontainerar til å oppbevara og behandla viltkjøtet i. Ein vanleg flaskehals er at mange ikkje har ein plass å frysa ned kjøtet.

Me har fått mange menneske til å spela på lag, seier Øi.

Skjønar jegerane

Det er Norsk institutt for naturforsking (NINA) som gir råd om kor mykje hjort og elg som må skytast for å unngå mogeleg spreiing av skrantesjuke.

Myndigheitene baserer oppmodingane på NINA sine tal.

Seniorforskar Erling Solberg skjønar at det er vanskeleg for fritidsjegerar å fella så mange dyr som myndigheitene vil.

Erling Johan Solberg, NINA

USIKRE TAL: Seniorforskar Erling Solberg i NINA, seier bestandstala er usikre på lokalt nivå, og meiner dei er riktigare på regionnivå.

Foto: Norsk institutt for naturforskning / NINA

Forvaltinga og lokale jegerar ser ofte ulikt på kor stor bestanden er og bør vera, seier han.

Mange stadar finst det ein viss kjærleik for å ha høge bestandar.

Det bidreg til at mange kommunane ikkje tar ut så mange hjort og elg som myndigheitene tilrår, forklarer han.

– Ingen kan tvinga nokon til å trekkja av

Også utmarksrådgivar Torkil Bratberg Dokk i Hol kommune peiker på at motivasjon og meiningar om kva som er riktig tal dyr, varierer mykje:

– Ingen kan tvinga nokon til å trykka på ein avtrekkar om dei ikkje har lyst til det sjølv, seier han.

– Det er ei pedagogisk utfordring å få nokon til å jakta mykje om dei ikkje er einige i målet med jakta.

Samarbeider om felling

Seniorrådgjevar i Miljødirektoratet, Kari Bjørneraas seier at det er ulike oppfatningar om kva som er dei rette bestandstala.

– Det er utfordrande å få mange til å vera einige i at det er det rette å redusera bestandane så mykje, seier ho.

Det mest effektive for å få felt nok dyr, er å få på plass ei felles forståing av problema, seier ho.

For tre år sidan byrja direktoratet å fly ut skrottar skotne i avsidesliggjande område. Mange jegerar vegrar seg for å skyta langt frå allfarveg, fordi det vert så langt å bæra kjøtet.

– Det er eit kreativt tiltak som det ser ut som verkar, seier Bjørneraas.