Hopp til innhold

Éin av fem er utanfor arbeidslivet: Her takkar ho han som hjelpte henne ut av uføret

Før ho vart helsebyråd, var Beate Husa ufør og fem år utanfor arbeidslivet. Rune Kvalheim «dytta» henne tilbake i jobb.

Beate Husa og Rune Kvalheim

18 år etter den litt brutale beskjeden frå Rune Kvalheim, gir Beate Husa han ein klem som takk for hjelpa.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Bystyrepolitikar Beate Husa (KrF) står i foajeen på Bergen rådhus med ein blomsterbukett. Ho ventar spent på mannen som for 18 år sidan gav henne ein ganske krass beskjed:

Du skal vite det, Beate, at mange i arbeidslivet er mykje dårlegare enn deg, og dei går på jobb kvar dag. No må du bretta opp ermene.

Rune Kvalheim til Beate Husa i 2004

Den gongen var Rune Kvalheim dagleg leiar på Designtrykkeriet, som gav arbeidstrening for personar på attføring. Husa var ein av dei.

No er ho mest kjend som helsebyråden som tidleg og seint fronta Bergen kommune under koronapandemien. Men i 2004 var ho verken aktiv, energisk eller «vellukka».

Beate Husa

Beate Husa som Bergens helsebyråd under koronapandemien.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Etter ein kjedekollisjon på Sotra i 1999 fekk ho sterke, permanente nakkesmerter. Til saman var ho ute av arbeidslivet i fem år, mykje av tida på uføretrygd.

Eg kjende på skam. Følte at alle såg på meg og tenkte «kvifor er ho ikkje i jobb».

Beate Husa

– Eg følte at eg ikkje var like mykje verd som andre. Det er jo ikkje sant, men slik snakka eg til meg sjølv, seier ho i dag.

Takkar for tøff omsorg

At Husa kom seg tilbake i jobb, er særleg takka vera orda frå Kvalheim, som no er pensjonist.

– Eg forstår at det gav henne eit kick til å komma vidare. Det er eg glad for, for det var jo jobben vår, seier han på veg til rådhuset.

For i haust har ho funne fram til namnet hans og invitert til eit møte.

– Dette er ein stor dag for meg. Eg gler meg til å få takka han skikkeleg.

Beate Husa og Rune Kvalheim

Beate Husa (KrF) takkar Rune Kvalheim for at han «kicka» henne tilbake i arbeidslivet då ho var uføretrygda.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Husa har framleis periodar med nakkesmerter, men er innstilt på at det ikkje skal stoppa henne frå å gå på jobb.

– Eg har tenkt mykje på deg i løpet av desse 18 åra, og ofte referert det du sa til meg.

– Det var jo frekt sagt av meg, ler Kvalheim.

Men Husa meiner det var nettopp det ho trengde.

– Det var tøff omsorg, men heilt topp. Over tid hadde eg gått og tenkt at eg ikkje var verd noko. Du sa «eg trur nokon har bruk for deg». Det snudde heile mentaliteten min, seier ho.

– Det er viktig å ta folk på alvor. Eg tolka deg vel slik at du tolte ei tøff tilnærming, svarar Kvalheim.

Nokre månadar etter oppfølgingssamtalen i 2004 var Husa i halv stilling, seinare i full stilling.

Og då eg var helsebyråd, jobba eg vel 200 prosent, så det viste seg at eg kunne jobba.

Beate Husa

Ein av fem er «utanfor»

Når personar «i arbeidsfør alder» står heilt utanfor arbeidsliv og utdanning, kallar Nav det «utanforskap». Statistikken over nordmenn mellom 20 og 66 år viser at:

  • Éin av fem er i «utanforskap». Til saman 660.000 personar.
  • Vel 10 prosent er uføretrygda. Til saman 362.500 personar.
Grafikk om antall personar utanfor arbeidslivet (kjelde : Nav)
Foto: NRK

Blant dei som er i utanforskap, viser statistikken at:

  • Det store fleirtalet er ikkje arbeidssøkarar.
  • Om lag 60 prosent er langvarig i utanforskap – meir enn tre år.
  • Mange av desse er uføretrygda.

Nav: – Krevjande å bli inkludert

Talet på langtidsledige – meir enn seks månadar – har gått ned frå 27.100 i februar 2020 (etter ein sterk auke under koronapandemien) til 19.700 i dag. Talet på uføretrygda er langt meir stabilt.

Kva er det realistiske målet for å ha færre i utanforskap?

Det er svært vanskeleg å seia. Men andelen gjekk ned frå 21 til 20 prosent i løpet av 2021, og med mange ledige jobbar for tida håpar eg den kanskje kjem ned i 19 prosent i år.

Det seier statistikksjef Ulf Andersen i Nav.

Noko særleg lenger ned enn det er det vanskeleg å førestilla seg. Då må me først få eit meir inkluderande arbeidsliv som gjer det mogleg for personar med lite utdanning eller helseutfordringar å delta meir i arbeidslivet.

Andersen seier Nav og mange andre jobbar kvar dag for å kvalifisera menneske til arbeidslivet.

Det hadde hjelpt mange i utanforskap enormt dersom arbeidslivet i Noreg kunne senka krava litt.

Ulf Andersen i Nav

– Mange på utsida opplever krava som arbeidslivet stiller som svært høge. Det gjer det krevjande å bli inkludert, seier han.

Samtidig understrekar han at nokon vel utanforskap frivillig.

Av ulike grunnar vil me alltid ha menneske som står utanfor arbeid og utdanning, og i mange tilfelle kan dette vera frivillig – for eksempel for å ta seg av barn.

Dessutan er 18% av alle uføretrygda registrert med deltidsarbeid og derfor ikkje definert som i utanforskap.

(Sjå heile intervjuet her.)

– Jobb er helsebringande

KrF-politikar Husa er opptatt av å få fram at ingen er unødvendige på arbeidsmarknaden, at mange kan bidra meir enn dei kanskje trur sjølv, og at offentlege og private arbeidsgjevarar må gi personar med såkalla hol i CV-en ein sjanse.

– Det er mange fleire enn me trur som kunne ha jobba, men som sit heime slik eg gjorde og tenker «det er ikkje bruk for meg».

Rune Kvalheim og Beate Husa

Vis respekt og tenk utradisjonelt, er blant råda frå Rune Kvalheim for å hjelpa folk tilbake i arbeidslivet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Men legg du no ekstra press på menneske som er for sjuke til å jobba?

– Det er jo sjølvsagt nokon som ikkje kan jobba. Det har eg veldig respekt for. Men mi oppfordring er å tenka gjennom om det kanskje er noko positivt med å jobba. Eg trur det er helsebringande i seg sjølv, seier Husa.

Både staten og Bergen kommune har ein policy for å tilsetta folk med hol i CV-en.

– Det er viktig at offentlege arbeidsgjevarar går føre med eit godt eksempel, meiner ho.

Respekt og tilrettelegging

Kvalheim understrekar at ein må møta folk med verdigheit og respekt, og legga til rette individuelt.

– Ein må sjå kva slag framdrift enkeltmennesket treng for å komma vidare. Det er jo ei stor utfordring, særleg at fleire unge blir tidleg uføre. Men det er mange måtar å få folk i gang på. Ein må kanskje tenka litt utradisjonelt. Det som passar for éin, passar kanskje ikkje for ein annan.

Men det er ressursar i alle. Det veit vi jo.

Rune Kvalheim

– For eksempel her i Bergen sentrum. Her kunne til dømes folk vore i arbeid med å rydda lauv på fortaua. Kostnadane med å rydda byen har jo kommunen uansett, seier Kvalheim.

Rune Kvalheim og Beate Husa

– Å fjerna det glatte haustlauvet på fortaua er eitt døme på ein jobb eigna for arbeidstrening, meiner Rune Kvalheim.

Foto: Leif Rune Løland / NRK