Hopp til innhold

Til fjells i påsken? Ver obs på snøskred!

Ein bør tenka seg om ein ekstra gong før ein legg ut på bratte turar i påsken. Det er oransje farevarsel for snøskredfare over nesten heile Noreg.

Ukjent randonee-løper på Gaustatoppen

Randoneetur i bratt terreng. Farleg moro, eller berre farleg?

Foto: Lars Tore Endresen / Lars Tore Endresen

Ingenting er som å spenna skia fatt og vandre inn i fjellheimen med påskesola hengande over deg.

Idyllen kan bli sett på prøve viss du blir teke av eit snøskred på same turen.

Det er tilfelle denne påsken, då Varsom sitt kart viser betydeleg fare for snøskred i fjellheimen over nesten heile Noreg.

Spesielt stor er faren på Vestlandet.

– Sjansen for skred aukar når sola står på

Solveig Kosberg er vaktleiar i snøskredvarslinga i NVE. Ho seier det er krevjande forhold fleire stader.

– Det er eit svakt lag nede i snødekke som er umogleg å sjå på overflata, som gjer at det er veldig uføreseieleg kvar ein kan løyse ut skred, seier Kosberg til NRK.

Ho understrekar at det er viktig å halda avstand til bratte fjellparti, i tillegg til å ikkje gå der skred kan enda opp.

Solveig Kosberg, snøskredvarslinga NVE

Solveig Kosberg er vaktleiar i snøskredvarslinga til NVE.

Foto: Solveig Kosberg

Nedbør tidleg i veka, og sol og opphald på skjærtorsdag og langfredag kan føra til at sjansen for skred aukar ytterlegare.

– Når det vert meir varme, då vil jo snøen siga og bli mjukare, så sjansen for å skred aukar når stola står på, seier Kosberg.

Ho legg til at det gjeld å komma seg tidleg opp og ut for å vera på den sikre sida.

Les også Her blir Bohuš tatt av snøskred: – Den mest skremmande augneblinken i livet mitt

Farlege månadar

Mars og april er vanlegvis høgsesong for snøskred.

I dei siste 10 åra har i snitt 270 personar blitt tekne av skred i desse to månadane, kor 37 har vore dødsfall.

– Hamnar du i skred så er det flaks eller uflaks som avgjer om du overlever eller ikkje, seier Kosberg.

Men kva viss sola steiker og fjellet freistar? Då gjeld det å smøra seg med både solkrem og tålmod.

– Vent heller på betre dagar viss du skal gå bratte turar. Vent til snødekke er meir stabilt, avsluttar Kosberg.

Topptur på Getryggen i Snasahøgarna i Sverige med Sylan i bakgrunnen. Modellklarert. Påskesol og fint vær på skitur.

Lite slår ein topptur så lenge ein følger råda til snøskredvarslinga.

Foto: Gorm Kallestad / NTB