Hopp til innhold

Tidlegare forsvarstopp om etterforskinga: – Omsynslaust og hårreisande

Pensjonert flaggkommandør er kritisk til at det tok tre og eit halvt år før det kom ein tiltale etter fregattulykka. Jusprofessor trur det kan påverka ei eventuell straffeutmåling.

RxIn-HFN0r0

EKS-SKIPSSJEF: Pensjonert flaggkommandør og forsvarsanalytikar Jacob Børresen meiner det er rett at nokon blir stilt ansvarleg for at fregatten til 4 milliardar kroner sokk. Men han er kritisk til tidsbruken.

Foto: Terje Pedersen / NTB/montasje

– Denne saka har vore hårreisande og omsynslaus overfor dei involverte, seier tidlegare flaggkommandør Jacob Børresen til NRK.

Slik oppsummerer den pensjonerte forsvarsanalytikaren tida som har gått frå ulukka i november 2018 til Riksadvokaten i dag kom med si endelege avgjerd.

Vaktsjefen på KNM «Helge Ingstad» er tiltalt etter kollisjonen med tankskipet «Sola» etter at Riksadvokaten gav ordre om det.

Fregatten fekk store skadar og sokk etter at han kolliderte med tankskipet Sola TS i Hjeltefjorden utanfor Bergen natt til 8. november 2018.

Vaktsjefen er no tiltalt for aktlaust å ha vore årsaka til sjøskade og for brot på militær straffelov.

Førstnemnde har ei øvre strafferamme på tre år.

Sakene mot kapteinen på «Sola TS», ein operatør på Kystverket sin trafikksentral på Fedje og losen som stod på brua til tankskipet då ulukka skjedde, blir alle lagt bort med koden «intet straffbart forhold bevist».

KNM Helge Ingstad ved skadestedet i Øygarden .

TILTALT: Vaktsjefen på KNM «Helge Ingstad» er tiltalt etter kollisjonen med tankskipet Sola TS i Hjeltefjorden utanfor Bergen i 2018.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Lite tilfredsstillande

Børresen er tilfreds med at nokon blir stilt personleg ansvarleg for den kostbare ulukka.

– Eg har alltid vore tilhengar av at ansvar skal gjerast gjeldande. Eg legg til grunn at etterforskinga har vist at vaktsjefen har sett seg ut over dei instruksar og ordre som låg føre frå skipssjefen si side.

Han er langt mindre tilfreds med at dei mistenkte i mange år har gått med mistanken hengande over seg.

– Det må ha vore heilt forferdeleg for dei involverte. Det å stadig bli minna om at du kan risikera å bli stilt ansvarleg, utan å få noko avklaring.

– I ei så kompleks sak må ein vel forventa at det tar tid å få alle fakta på bordet?

– Nei, det skal ikkje ta så lang tid. Sjøforklaring har me hatt i alle år. Når alle hendingar er friskt i minne, er det lettare å koma til botns i kva som faktisk skjedde. No har det gått tre og eit halvt år, seier Børresen.

– Eg syns dette på alle måtar er lite tilfredsstillande.

LsSKsrrE3xk

HÅRREISANDE: Tidlegare flaggkommandør Jacob Børresen meiner saka har vore hårreisande og omsynslaus overfor dei involverte

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Kritisk til etterforskinga

Den kritikken deler Johannes Sivertsen, formann i Norsk Losforbund.

– Eg synest det er heilt horribelt. Det er snakk om ein utruleg lang periode at folk skal haldast som mistenkte i ei sak som dette.

Han varslar at forbundet no vil ta kontakt med Politidirektoratet for å finna ut om etterforskinga av skuldspørsmålet rundt fregattforliset har gått riktig for seg. Han spør seg også om politiet sit på riktig kompetanse i saker som gjeld sjørett.

Sivertsen er glad for at saka mot losen no er lagt bort.

– Eg meiner alt som har kome fram til no har vist at losen var den einaste som hadde situasjonsforståing den kvelden. Me har heile tida hevda at saka måtte leggast vekk.

Han saknar ikkje sjøforklaringa i like stor grad som Børresen.

– Sjøforklaring hadde sine fordelar og bakdelar. Det er viktig at det blir sett i verk ei grundig vurdering før du skal påtala nokon.

– Men viss dette er alternativet, at det skal gå tre og eit halvt år, så meiner eg noko er gale.

Johannes Sivertsen i Norsk Losforbund

KRITISK TIL POLITIETS ARBEID: Formann Johannes Sivertsen i Norsk Losforbund varslar at forbundet no vil ta kontakt med Politidirektoratet for å finna ut om etterforskinga av skuldspørsmålet rundt fregattforliset har gått riktig for seg.

Foto: Norsk Losforbund

Jusprofessor: Tida kan få betydning

Den europeiske menneskerettighetskonvensjonen (EMK) slår fast at ei strafferettsleg skulding skal avgjerast innan «rimeleg tid».

Den lange tidsbruken kan få konsekvensar for ei eventuell straffeutmåling i retten, meiner jusprofessor Asbjørn Strandbakken ved Universitetet i Bergen (UiB).

Tidsforløpet kan bli eit element når straffa skal setjast, seier han.

Strandbakken seier det er vanskeleg å finne saker det er naturleg å samanlikna med, og vil derfor ikkje spekulere i mogelege utfall i retten.

Heldigvis er dette ein uvanleg sak. Det er ikkje ofte det skjer slike store ulykker på sjøen. Det er derfor et lite erfaringsgrunnlag. Her har det ikkje gått menneskeliv, som i Sleipnerulykka, men det er snakk om store tap av verdiar.

Vaktsjefen var ung, kan manglande erfaring vere formildande for straffeutmålinga?

Utgangspunktet er at om du er kvalifisert, så er du kvalifisert. Om det er snakk om systemfeil her blir det tatt høgde for i føretaksstraffa.

Asbjørn Strandbakken

TRUR TIDA KAN PÅVERKE: Jusprofessor Asbjørn Strandbakken ved Universitetet i Bergen (UiB) trur tidsforløpet til etterforskinga kan bli et element når straffa skal setjast.

Foto: Jens Helleland Ådnanes / UiB

Har vore fullstendig trygge

Advokat Svein Holden i Advokatfirmaet Hjort representerer losen som stod på brua til tankskipet Sola TS då ulukka skjedde.

– Me er fornøgde med at saka blei lagt bort som «intet straffbart forhold bevist». Det fjernar absolutt all mistanke mot han, seier Holden.

– Det har vore krevjande at saka har gått føre seg over så lang tid, men samstundes har me vore fullstendig trygge på at saka mot han ville koma til denne konklusjonen.

Er de overraska over at påtalemakta ikkje har lagt bort saka mot han på eit tidlegare stadium?

– Ideelt sett skulle det ha vore ønskeleg at mistanken blei fjerna tidlegare, men me forstår behovet påtalemakta har hatt for å gjennomføra ei samstundes vurdering av alle involverte i saka.

Advokat Svein Holden

KREVJANDE: Advokat Svein Holden i Advokatfirmaet Hjort seier det har vore krevjande at saka har gått føre seg over så lang tid.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix