Hopp til innhold

«Sogndal sitt opprykk grip folk sterkare enn endå eit seriegull til Rosenborg»

– Sogndal er urhistoria om den vesle som utfordrar dei store. Det er noko me likar å sjå, høyra om og ta del i, seier filmregissør Erik Poppe.

Sogndal feirar med fansen på puben

DET ÅTTANDE OPPRYKKET: Sogndal-spelarane feira søndag kveld med fansen etter at laget hadde rykka opp til eliteserien.

Foto: Christian Blom / NRK

Sogndal-supporterane kunne søndag jubla over opprykk til den øvste divisjonen i norsk fotball. Dei sterke gledesropa handla òg vel så mykje om fryden over eit fotballag frå ei bygd som kan tukta klubbar frå store byar.

Nettopp det er ei historie som røyrer mykje sterkare ved folk enn til dømes endå eitt seriegull til Rosenborg, meiner den prisvinnande filmregissøren Erik Poppe:

– Det er ganske enkelt fordi me kjenner oss att. Alle har kjent seg usikre i det me skal meistra. Difor grip det oss, seier mannen bak filmar som «Hawaii, Oslo» og «Tusen ganger god natt»

Sogndal er ei urhistorie

Opprykksfeiringa skjer berre eitt år etter det mismodige nedrykket til 1. divisjon. Nettopp det at det ikkje er så enkelt å bli verande blant dei beste, vekkjer sympati og engasjement.

Erik Poppe

NY STORY OM SOGNDAL: – Den beste historia no vil vera om den vesle klubben faktisk maktar å bryta sin eigen lagnad – og bli verande i eliteserien, seier filmregissør Erik Poppe.

Foto: Torunn Myhre / NRK

– Det er jo ei av urhistoriene våre om den vesle som utfordrar dei store. Det er noko me likar å sjå, høyra om og ta del i. Slik sett kan historia om Sogndal vera den mest interessante å følgja, framfor dei store, seier Poppe.

Ei vidstrekt glede

Opprykket til Sogndal løyste ut ei sterk kjensle av lukke hjå mange. Det merka òg dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal:

– Spesielt det å kjenna at så mange blir glade på same tid, er heilt fenomenalt. Fem oppdateringar på Facebook frå opprykkskampen nådde ut til 320.000 menneske. Det tre gonger innbyggjartalet i Sogn og Fjordane fylke, så det er heilt magisk.

David mot Goliat

Sogndal har i fleire tiår dyrka identiteten som veslebror i norsk fotball. Heilt sidan Mister Sogndal – Rolf Navarsete – gjekk på bana for å slåst mot bylaga på syttitalet, har klubben, spelarane og folket i sognebygda kjent seg att i David sin kamp mot kjempa Goliat.

Ingvar Stadheim

SAMAN MOT GOLIAT: – Eg trur me sogningar og sogndøler ofte har vore best når me har fått sparka nedanfrå, seier Sogndal-styremedlem og tidlegare herrelandslagstrenar Ingvar Stadheim, her i samtale med mental trenar i Sogndal, Ole Erik Grinde.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg trur me sogningar og sogndøler ofte har vore best når me har fått sparka nedanfrå, så den sjølvforståinga trur eg berre er ein fordel, seier Ingvar Stadheim, tidlegare sogndalspelar og trenar og tidlegare herrelandslagstrenar. Han veit ein del om korleis Sogndal blir oppfatta i fotball-Norge.

Øydelegg den gode historia?

Sogndal har som mål å bli ein stabil middelhavsfarar i eliteserien, men dersom ein lukkast med å bli ein etablert toppklubb – kan ikkje det øydeleggja den gode historia som Sogndal er – ein liten klubb som alltid kjempar seg tilbake etter forsmedelege nedrykk?

– Nei, eg trur ikkje me kan tenkja slik, ler Stadheim.

– Den førre gongen var me i eliteserien fire år i strekk, og at me berre var nede i 1. divisjon i eitt år, betyr at me har teke eit steg. Og no trur eg det er fullt mogleg å ta endå eitt.

Sogndal supporterar

OPPRYKKSJUBEL: Sogndal-supporterane sine gledesrop handlar òg om fryden over eit fotballag frå ei bygd som kan tukta klubbar frå store byar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Eit nytt kapittel

Jubelen etter det åttande opprykket for Sogndal kan vera innleiinga til ei ny og like gripande historie, som det dei hyppige ned- og opprykka har vore dei siste tiåra.

– Den beste historia no kan vera historia om den vesle klubben–som utan mykje pengar og utan dei kjente spelarane – som faktisk maktar å bryta sin eigen lagnad, ved å bita seg fast i eliteserien mot alle odds. Og det er kanskje ei like rørande historie som at Rosenborg tek endå ny tittel, seier Erik Poppe.