Hopp til innhold

Denne gjengen held fram å imponere trenaren

SOGNDAL-SANDNES ULF 2–1 (NRK): Med tre poeng i sesongens siste heimekamp kunne sogndalspelarane ta i mot det synlege provet på at dei er seriemeistrar.

Sogndal får pokalen

FÅR POKALEN: Sogndal-spelarane jublar for tredje gang på ei veke. Etter tre nye poeng mot Sandnes Ulf kunne kaptein Rune Bolseth heve trofeet som seriemeister. (FOTO/REDIGERING: OLE ANDRE REKKEDAL/NRK)

Berre formalitetar kunne ha hindra Sogndal i å ta heim pokalen. Men med dagens innsats sørga sogndalspelarane for at fotballpresident Yngve Hallen kunne overrekke trofeet til ein influensasjuk Sogndal-kaptein, Rune Bolseth.

Trenar Eirik Bakke er imponert over disiplane.

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg er veldig imponert over veka gutane har vore igjennom. Det har vore mykje mentalt frå utsida, opprykk søndag, går på att onsdag og vinn att søndag. Ni poeng på ei slik veke står det respekt av. Vi gjer jobben i høve dei andre laga også. Vi er profesjonelle og det imponerer meg, seier han.

Unødvendig spennande

Fardal Opseth doblar leiinga

2-0: Kristian Fardal Opseth har nettopp dobla leiinga for Sogndal og skutt seg opp i ryggen på utfordrarane til toppscorartittelen.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Sigeren vart sikra av to mål på gunstige tidspunkt, eitt rett før pause av Ruben Holsæter og eitt rett etter av Kristian Fardal Opseth.

Den eine reduseringa til Sandnes Ulf var aldri nok og etter kampen kunne Sogndal krone sin tredje siger på rad med å plusse på nytt sølvtøy til premieskapet.

– Vi er sterke som eit lag, og eg føler vi køyrer over dei. Vi er tolmodige, ventar på moglegheitene og scorar på rette tidspunkta – rett før og rett etter pause. Men vi gjer det spennande med å sleppe inn eit unødvendig dødballmål, seier Bakke.

Overraska Bakke

Medan Sogndal reiser til Levanger med både opprykk og seriemeisterskapet i boks, har søndagens motstandar langt meir å spele for i serieavslutninga.

Intervju med Eirik bakke etter kampen mot Sandnes Ulf

SJÅ: Sogndal-trenar Eirik Bakke er imponert over disiplane sine. (FOTO: OLE ANDRE REKKEDAL/NRK)

Sandnes Ulf eitt av fem lag som kjempar om fire kvalifiseringsplassar. Utanom høg temperatur hos rogalendingane mot slutten av kampen, var det lite som vitna om det.

Ruben Holsæter blir gratulert av Victor Grodås

JUBEL: Målscorar Ruben Holsæter blir gratulert av Victor Grodås og resten av Sogndal.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Eg følte vi var det klart beste laget, men eg må seie eg var overraska over at dei ikkje var meir på hogget. Kanskje hadde dei for stor respekt for oss, meir eller mindre spør Bakke.

Skal fullføre

Den tidlegare Leeds-, Aston Villa- og Brann-profilen har leia Sogndal til direkte opprykk i hans første sesong som trenar. I realiteten var opprykket aldri trua, Sogndal har leia divisjonen nesten heile sesongen, på det meste med 11 poeng.

Holsæter sender Sogndal i føringa

MÅL: Ruben Holsæter starta sin første kamp på Fosshaugane på over eitt år. Han takka for tilliten med å sende heimelaget i føringa.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

No står berre Ørjan Hopen og Levanger att før spelarane kan ta ein velfortent ferie neste helg. Bakke er glad for at Sogndal kan senke skuldrene i sesongen siste kamp.

– Vi veit vi møter eit Levanger-lag som er i desperat poengnaud på bortebane. Det blir ein tøff kamp, men med den svolten vi har for å vinne fotballkampar, så reiser vi opp for å ta tre poeng, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..