– Vi har ikkje full oversikt over kva som har skjedd. Men det vi veit er at store delar av landet har hatt problem med mobilnettet i nokre få minutt i morgontimane i dag. Det seier dekningsdirektør i Telenor Bjørn Amundsen.
Han hadde sjølv ein kort periode på 10 minutt problem med å komme gjennom til sine tilsette i telefonen i dag etter at NRK kontakta han om mobilproblema.
- LES OGSÅ:
Store delar av landet var råka
Problemet hos Telenor skal ha skjedd ein gong mellom klokka 07 – 0730. Førebels har ikkje Telenor heilt oversikt over kor mange abonnentar og kor store delar av landet som har hatt problem med mobilnettet.
– Det ser ut som i vi har hatt problem på vestlandet, Midt-Norge i Møre og Romsdal og sør-Norge i ein kort periode i dag. Der har vi fått tilbakemelding om at det har vore problem.
Amundsen seier nettet i perioden det var problem ikkje var heilt nede og heilt utan samband.
– Så langt har Telenor funne ut at det i hovudsak er talesambandet som har hatt problem. Men at det har vore mogeleg å sende sms og epost.
– Mobilnettet har vore oppe, datatrafikken har fungert. SMS og epost har fungert. Men tale, inngåande og utgåande, kan det sjå ut som at vi hat hatt problem med.
Naudetatane har hatt problem
Amundsen er glad for at feilen ikkje varte lenger.
– Eg er veldig fornøgd med at feilen var så kortvarig og at det berre var talesambandet som var ute.
- LES OGSÅ:
Etter det NRK kjenner til har fleire av naudetatane hatt problem med mobilnettet mellom klokka 07–07.30. Fleire ved Vegtrafikksentralen har mellom anna hatt problem med å komme i kontakt med sine operatørar på vegane i morgontimane i dag.
Telenor kjenner førebels ikkje årsaka til problema med mobilnettet. Men det blir jobba med å finne ut av det.