Hopp til innhold

Fly med ukrainske flyktningar kjem likevel ikkje til Noreg

Denne veka skulle dei fyrste flyktningane i Moldova bli flydd til Noreg. No vil dei i staden «sjå an utviklinga» i Ukraina.

En kvinne tilbyr husrom for ukrainske flyktninger som kommer til sentralstasjonen i Berlin 3. mars.

HUSROM: Ei kvinne tilbyr husrom for ukrainske flyktningar som kjem til sentralstasjonen i Berlin 3. mars.

Foto: ANNEGRET HILSE / Reuters

Det kjem ingen ukrainske flyktningar til Noreg frå Moldova denne veka, slik planen var.

Det stadfestar Utlendingsdirektoratet (UDI) overfor NRK.

17. mars vedtok regjeringa å hente 2500 ukrainske flyktningar frå Moldova via ei luftbro.

Justisminister Emilie Enger Mehl sa i førre veke at dei første flyktningane ville kome denne veka.

– Det er viktig at vi kjem raskt i gang med å hente flyktningar ut frå Moldova, sa ho.

Men no er situasjonen ein annan: Mange av ukrainarane som ventar på å bli henta ut frå Moldova, ønsker no å «sjå an utviklinga» i Ukraina før dei eventuelt set seg på flyet. Dette ifylgje UDI.

NRK er også kjent med at Utlendingsdirektoratet lager nye modellar for kor mange ukrainarar som kan ventast.

Det vert jobba med nye scenario for innkomst av ukrainarar. Tala blir offentleggjort i løpet av veka, seier Vibeke Schjem i UDI.

Emilie Enger Mehl

KJEM IKKJE LIKEVEL: Justisminister Emilie Enger Mehl sa i førre veke at dei første flyktningane frå Moldova ville kome denne veka. Det gjer dei ikkje likevel.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

– Vi veit svært lite om kor mange som kjem

I Sunnfjord i Vestland har kommunestyret vedteke at dei skal ta imot 150 flyktningar.

I alt har 148 personar i kommunen meldt at dei har bustader klare til utleige.

Men så langt er talet på innkvarterte ukrainarar i kommunen ... sju. Det melde politiet fredag ettermiddag.

– Utfordringa er at vi veit svært lite om kor mange som kjem, og når dei kjem, seier Jenny Følling (Sp), som er ordførar i kommunen.

Så langt har 13.000 ukrainske flyktningar kome til Noreg.

Foreløpige undersøkingar, gjeve att i Minerva, viser at 72 prosent av ukrainarane ikkje ser for seg å bli verande i det landet dei har flykta til.

Jenny Følling

UTFORDRANDE: – Utfordringa er at vi veit svært lite om kor mange som kjem, seier Jenny Følling (Sp), som er ordførar i Sunnfjord.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

Ligg fast fram til det kjem ny prognose

Statsminister Jonas Gahr Støre sa i mars at regjeringa jobbar med beredskapstiltak for å handtere «ein ekstraordinær situasjon med opp mot 100.000 flyktningar».

Utlendingsdirektoratet (UDI) la samtidig fram eit scenario for 30.000 flyktningar til Noreg. Det same talet ligg til grunn for den føreslåtte «Ukrainapakka».

Sidan har det vore teikn til at flyktningstraumen nordover ikkje vert så stor som fyrst antatt.

Det er Integrerings- og mangfaldsdirektoratet som busett flyktningar.

Per i dag legg vi siste prognose frå berekningsutvalet til grunn. Denne ligg fast fram til det kjem ein ny prognose, seier IMDi-direktør Libe Rieber-Mohn til NRK.

Statsminister Jonas Gahr Støre.

HUNDRE TUSEN: – Vi jobbar også med beredskapstiltak for å kunne handtere ein ekstraordinær situasjon med opp mot 100.000 flyktningar, sa Støre i mars.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

Det vert jobba med nye scenario

Søndag viste Dagsrevyen ein reportasje om ukrainarar som alt no vender heim til Ukraina.

Så høyrer det med at det framleis er stor netto utvandring frå Ukraina, men at straumen i all hovudsak går vestover og sørover, og ikkje nordover mot Noreg.

Tilsvarande er det haldepunkt for at ukrainarane som er kome til Noreg ikkje trekker nordover og vestover, men graviterer mot allereie etablerte nettverk på Austlandet.

NRK-team forteller om mange døde sivile i ukrainsk by.

Flyktningar returnerer

I mars sende Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) ut ein førespurnad til alle norske kommunar.

Ifølge NTB har 275 kommunar svart på spørsmålet. Dei som har gitt eit endeleg svar har vedtatt å busette 23.292 flyktningar i 2022.

Kommunane strekkjer seg langt, og viljen til å ta imot flyktningar er stor, sa arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) i førre veke.