Desse husa skal få mindre skatt – då får innbyggjarane rekninga, svarar ordføraren

– Redusert velferdstilbod. Det er Høyanger-ordføraren sitt svar på regjeringa sine lovnader om å redusere eigedomsskatten. – Då bør han heller lytte til signala om at folk skal betale mindre, parerer Helge André Njåstad i Frp.

Høyanger 12. februar 2009

MINDRE SKATT: Det skal verte billegare å eige hus i Høyanger og mange andre norske kommunar. Men no meiner ordføraren kostnaden vert kutt i tilbodet innbyggjarane får frå kommunen.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

105 kommunar i Noreg må kutte i eigedomsskatten. Grunnen er at regjeringa til Erna Solberg vil senke maksimalsatsen på eigedomsskatt ytterlegare, frå fem til fire promille. Lovnaden kjem etter at dei i år har redusert satsen frå sju til fem promille.

Millionsmell for kommunen

Fleire kommunar har i dag eigedomsskatt på sju promille, som var den gamle satsen. Blant desse er industrikommunen Høyanger.

Årleg tek dei inn kring 36 millionar kroner i inntekter frå skatt på hus og eigedom. Den hardt prøvde kommunen i ytre Sogn har dei siste åra mista mange arbeidsplassar. No risikerer dei også å miste store inntekter.

Ein reduksjon på tre promille utgjer over 15 millionar kroner i tapte inntekter med dagens skattegrunnlag.

Petter Sortland

OPPGITT: Ordførar Petter Sortland (Ap) fryktar han må redusere tilbodet til innbyggjarane i Høyanger når regjeringa no reduserer skatteinntektene.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ordførar Petter Sortland (Ap) torer ikkje tenkje på kva som skjer om heile eigedomsskatten forsvinn, slik Framstegspartiet har gått i spissen for. Han har nok utfordringar med å takle den første runden med redusert skattesats.

– Det vil berre gi oss negative konsekvensar og utfordringar. Hausten 2017 tapte vi slaget om skatt på verk og bruk, den såkalla maskinskatten, og no er vi i ferd med å tape inntekter frå eigedomsskatten, seier han oppgitt.

Høyanger kommune

MILLIONSMELL: Høyanger kommune kjem til å tape 15 millionar kroner med ein reduksjon på tre promille i eigedomsskatten.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Frp: – Må drive meir effektivt

Finanspolitisk talsmann i Framstegspartiet, Helge André Njåstad, svarar med denne oppmodinga:

– Kommunar som har eigedomsskatt må lære av dei kommunane som klarer seg heilt utan. Os kommune og Ullensaker kommune har ikkje eigedomsskatt, og då kan ein gå til dei og sjå korleis dei klarer å drive effektivt og godt.

– Må kutte i talet på tilsette

Fem millionar netto tapar Høyanger berre på at dei ikkje lenger kan skattleggje produksjonsutstyret til bedriftene.

– Vi mister inntekter som gjer at vi er nøydde til å sjå skulestrukturen og tilbodet vi gir innanfor oppvekst og helse og omsorg. Det betyr færre tilsette og nye innsparingskrav.

– Ved å kutte i denne typen tilbod rører vi ved noko av det næraste hjå folk, og det er ikkje noko kjekt.

– Heilt forferdeleg

Mange norske ordførar spekulerer no i om dei kan retaksere bustadane eller fjerne botnfrådrag, og slik sikre at folk må betale minst det same i eigedomsskatt sjølv om satsen vert redusert.

– Det er heilt forferdeleg at ein ordførar vil skattleggje innbyggjarane meir for å unngå reduksjon i eigedomsskatten. Då bør han heller lytte til signala om at eigedomsskatten skal ned fordi folk skal betale mindre i skatt. Vi ser på eit hus som ein heim og ikkje eit skatteobjekt, seier Njåstad.

Høyanger kommune

MÅ KUTTE: Når Høyanger mistar millionar i inntekter må dei kutte talet tilsette.

Foto: Raymond Lidal / NRK