Tannlegeforeningen: – Treng smittevernutstyr for å vera trygge

Måndag opnar tannlegane dørene igjen, men retningslinjene for smittevern er enno ikkje klare.

Ingunn Reiakvam Ravnestad ved tannlegestolen.

KRYSSAR FINGRANE: Klinikken til Ingunn Ravnestad har i likskap med mange andre ikkje utstyr som vernar mot Covid-19 smitte. Måndag 20. april opnar tannklinikkar dørene for meir normal drift.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Måndag lettar styresmaktene på restriksjonane, og tannklinikkar landet over opnar dørene att.

Generalsekretær Morten Harry Rolstad i Tannlegeforeningen har ei bøn:

– Vi ventar at det er klare og tydelege retningslinjer. Det må ikkje vere rom for tolking.

Han minner om at tannhelsepersonell er spesielt utsette for smitte, «sidan vi brukar bor som er med på å sende dropar rundt i omgjevnadane våre».

Nasjonale retningslinjer vert utarbeida av Folkehelseinstituttet saman med profesjonsforeiningane. Det er deretter Helsedirektoratet som gjev ut retningslinjene.

I ein e-post til NRK fredag ettermiddag skriv pressevakt i Helsedirektoratet, Britt Randi Hanssen, at retningslinjene enno ikkje er klare.

– Det blir i desse dagar utarbeidd ei rettleiing for helsepersonell som startar opp igjen. Denne vil vere klar tidleg i neste veke.

– Fram til då må vi følgje dei tilrådingane som gjeld no, seier Rolstad og ber om at helsemyndigheitene prioriterer smittevern.

– Vi må ha nok smittevernutstyr til å følgje krava. Tannlegane var tidleg ute med å gje vekk mykje smittevernutstyr til helsevesenet.

Morten Rolstad, NTF

NØDVENDIG: Generalsekretær Morten Harry Rolstad i Tannlegeforeningen (NTF) meiner helsemyndigheitene må prioritere å få tak i betre smittevern når dei no opnar opp att tannlegeklinikkar for vanleg drift.

Foto: PRIVAT

Må sende vidare koronasmitta pasientar

– Det blir godt å opne att, seier tannlege Ingunn Ravnestad frå Gloppen.

Sidan koronarestriksjonane vart innført 13. mars, har tannhelsetenesta berre tilbydd akutt og naudsynt behandling.

– Me har gått frå 8–10 pasientar dagleg til halvparten i løpet av ei veke, seier Ravnestad.

– Det har vore trasig.

Å opne opp att er likevel ikkje utan utfordringar.

– Me har godt nok utstyr for vanlege pasientar. Men dersom ein har fått påvist smitte, så har me ikkje det. Då må me syne dei vidare til eit kontor som er tilrettelagt for koronapasientar, seier Ravnestad.

Ingunn Reikvam Ravnestad

KRYSSAR FINGRANE: Klinikken til Ingunn Reiknav Ravnestad håpar at smittevernsråd frå FHI vil hjelpe når ho opnar klinikken for normal drift igjen.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

– Allereie godt beskytta

Fylkestannlege i Vestland, Lathamini Murugesh, trur arbeidet tannlegane skal gjere i første omgang er reine undersøkingar, som ikkje krev maskinell behandling, og at dropesmitte difor ikkje er eit problem.

– Då treng me nok heller ikkje spesialutstyr, for me er allereie godt beskytta, seier ho.

Likevel meiner ho det er viktig å få inn spesialutstyr viss nokon er i karantene eller har fått påvist smitte.

– Budd på auka behov

I utgangspunktet seier Helsedirektoratet at normal pasientaktivitet skal vere mogleg med vanleg utstyr.

Fagdirektør Svein Lie i Helsedirektoratet svarar at dei er budde på at det vil verte eit auka behov for smittevernutstyr i tida som kjem. Han fortel at dei jobbar tett med FHI og ulike fagmiljø for å utarbeide råd om behandlingar i tida som kjem.

Attende i Gloppen gler Ingunn Ravnestad seg til å sjå pasientane att, og set lit til at dei vil vere med å ta ansvar for å unngå smittespreiing på klinikken.

– Eg både håpar og trur det skal gå bra dersom ein følgjer smittevernråda til Folkehelseinstituttet, seier ho.

Status Norge

Sist oppdatert: 24.11.2020
3 067
Siste uke
128
Innlagt
314
Døde