Hopp til innhold

Taktisk grep avgjorde 3. divisjon

- Det er berre heilt fantastisk deilig, jublar John Martin Gil (28) etter at Tornado Måløy sikra seriemeisterskapen i 3. divisjon.

Tornado Måløy feirar seriemeisterskap

Slik feirar ein seriemeisterskapen.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

Med eitt mål og ein målgjevande pasning kvar, vart John Martin Gil og Endre Kupen spelarane som avgjorde årets 3. divisjon.

No ventar kvalifiseringsspel om opprykk til 2. divisjon.

- Å gjere dette på heimebane, ei bane eg har spelt på i 20 år, er berre utruleg deilig. Dette er det største eg har vore med på, seier Gil.

Etter kvilen

Oppgjeret heime mot Dale viste seg å ikkje bli av det lette slaget. Som i dei siste heimekampane, stod det 0-0 til pause. Men som vanleg avgjorde blåtrøyene det til sin fordel etter kvilen.

Først ved Gil, med Kupen som servitør. Så dobla Kupen leiinga - med Gil som servitør.

- Vi kjempa med nebb og klør, men det vart vanskeleg. Det var heilt utruleg å sjå ballen gå inn. Eg stod åleine mot keeper, men hadde ein forsvarar i ryggen. Ingenting kunne stogge meg der, seier Gil.

Kupen og Gil

Tornado Måløy tapte i sommar tre poeng etter rot i administrasjonen i samband med ein spelarovergang. Etter 2-0 og tre nye poeng laurdag, tronar Tornado Måløy likevel øvst på tabellen. Seks poeng føre Eid, men med over 30 mål betre målskilnad. Sjansen for tronskifte er svært liten.

Trenar Geir Ove Refvik kan prise seg lukkeleg for at han gjorde grepa han gjorde i pausen.

- Vi gjorde nokre taktiske grep. Flytta mellom anna John Martin inn frå venstrekant til spiss, medan vi flytta meir fotrappe Endre ut på venstrekant, seier han og konstaterer at det gav uttelling.

- Jobba lenge for

Heimelaget vart heidra av publikum. Spelarane takka for det og svara med dansing, synging og den sjølvsagde champagneflaska.

- Dette har vi jobba for lenge. Alle ære til trenarar, styre og spelarar som har arbeidd hardt for dette i fire-fem år, seier Gil og tykkjer det var greitt å få serien avgjort to kampar før slutt.

- Ideelt sett hadde det nok vore best å ha noko å spele for i kvar kampn, men når ein kjem i ein slik situasjon, så blir ein etterkvart plaga over å aldri klare det, seier han.

Fullfører sesongen

Sjølv om 3. divisjon no er avgjort, vil ikkje Tornado Måløy flytte fokus mot kvalifiseringskampane mot vinnaren av Buskerud-pulja, Jevnaker eller Birkebeineren.

Tornado Måløy skal no sjå buskerudlaga sine to siste kampar for å førebu kvalifiseringa.

- Men det er det vi gjer no. Vi har eit ansvar ovanfor dei andre laga i divisjonen. Vi skal mellom anna møte Sogndal 2 og alle veit kva dei kjempar for. Vi skal bruke den gode kamptreninga vi får i desse kampane, seier Refvik.

P.S. Førde-trenar Knut Erik Folland vart den første til å gratulere Refvik med seriemeisterskapen. Samstundes inviterte han til treningskamp.