Hopp til innhold

Tornado Måløy er krinsmeistrar

Tornado Måløy stod løpet ut og vann den avgjerande kampen heime mot Dale.

Tøffe duellar mellom Eid og Tornado Måløy

Tornado Måløy er krinsmeistrar i 3. divisjon fotball for menn.

Foto: Stig Høynes

Dermed er laget frå Vågsøy årets krinsmeister i 3. divisjon fotball for menn. Laget er også klar for spel om opprykk til 2. divisjon.

Ingen av laga leverte noko strålande kamp i Måløy. Dale kom til Vågsøy for å kapre med seg viktige poeng i kampen om sjetteplassen , og la seg lågt på bana. Heimelaget stanga mot forsvaret til Dale, utan å lukkast. Gultrøyene frå Fjaler kom seg til enkelte overgongar, men makta ikkje utnytte det.

Då John Martin Gil gav Tornado Måløy leiinga etter vel timen, og Endre Kupen dobla leiinga kvarteret før slutt var seriemeisterskapen og tittelen sikra.

Andre resultat 20. serierunde

Eid - Vik 5-1 (2-1)

1-0 Kim Vik

1-1 Øystein Myrkaskog

2-1 Andreas Heggedal

3-1 Christoffer Hafsås

4-1 Christoffer Hafsås

5-1 Ole Andreas Solheim

Sandane - Høyang 3-0 (1-0)

1-0 Kjetil Myklebust

2-0 Mads Wie

3-0 Erlend Laurhammer Ødven

Årdal - Jølster 1-2 (1-2)

0-1 Tom Erik Sandal

0-2 Tom Erik Sandal

1-2 Christian Stedje

Spelast måndag

Fjøra - Sogndal 2, kl. 17

Saka blir oppdatert.