Hopp til innhold

Stryn gratulerer TMFK med tittelen

Borte mot Florø makta ikkje Stryn å ta poenga dei trengde for å halde liv i håpet om seriemeisterskap.

Edvard Nordang

Strynetrenar Edvard Nordang takkar TMFK-trenar Geir Ove Refvik for kampen tidlegare i år. No gratulerer Nordang vågsøylaget med seriemeisterskapen.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

Med to kampar att av sesongen, og fire poeng opp til Tornado Måløy, går gratulasjonane frå inste til yste Nordfjord.

Stryn ser krinsmeisterskapen i 3. divisjon som avgjort.

- Eg har ingen problem med å gratulere Tornado Måløy med krinsmeistertittelen. Tabellen lyg aldri. Dei har vore det desidert jamnaste og beste laget i serien, seier strynetrenar Edvard Nordang etter 1-1 og poengdeling borte mot Florø.

Sikre med stil

- No må vi ha hjelp frå høgare makter om vi skal klare dette, held Nordang fram.

Tornado Måløy takkar for gratulasjonane, men har ikkje tenkt å sprette champagnen i dag. I morgon kjem Dale til Vågsøy.

- Vi har fått med oss resultatet, men serien er ikkje ferdig. Det gir oss ein god "go" inn mot kampen i morgon. Det er då ting skal avgjerast. Vi skal halde steamen oppe og sikre oss dette med stil, seier trenar Kent Rune Bugjerde.

Enda måltørke

Alt såg lyst ut for stryningane då Kristjan Sigurolason sette inn kveldens første mål etter kring halvtimen. Gleda var kortvarig.

Fem minutt etter sidebytte enda Stian Tansø FSK si sju og ein halv time lange måltørke. Og sikra bruntrøyene eit viktig poeng i kampen om å ende mellom dei seks beste som gir plass i neste års 3. divisjon.

- Det er sjansar begge vegar, men eg føler vi køyrer store delar av kampen og bør avgjere det. Men vi klarer ikkje sette den siste. Vi er slagen slik sett, seier han.

Variable Stryn

Stryn har levert ein "opp og ned"-sesong. Førre helg slo dei serieleiar Tornado Måløy på heimebane.

Tidlegare i sesongen har dei sett både Sandane og Jølster stele poeng.

- Det er ikkje denne kampen som har avgjort det. Vi gav veg unødvendige poeng til Jølster og Sandane. Det er dei som er dei "låkaste" kampane. Og når vi ikkje klarer å slå Florø her ute, med dei sjansane vi har, så er vi ikkje gode nok, resignerer Nordang.

Mangla sju spelarar

Stryn var utan ei rekkje spelarar som alle kunne vore i startelvaren tidlegare i sesongen. Ute var toppscorar Christian Holko, Mathias Eikenes, Vegard Hopland, Trond Leirgulen, Per Ole Tenden, Ørn Kato Hauksson og Karl Erik Aarsheim.

- Det er inga unnskyldning, men det ville gjeve oss langt større tyngde og styrke. Dei skal ha ha honnør dei som var utpå her og kjempa i dag. Dei unge som kjem inn og får sjansen gjer ein mannsjobb, seier Nordang og vedgår han er skuffa over å sjå seriemeisterskapen ende i Vågsøy.

- Vi er skuffa

- Klart vi er skuffa. Så lenge ein driv konkurranse, så skuffa når ikkje når målet du har hatt gjennom sesongen. Men vi må berre sjå framover og bygge opp dei unge som er på veg, seier han og håpar å halde stammen i laget også til neste sesong.

- No må vi berre fullføre sesongen i år, og så kan vi byrje å tenke på neste sesong, legg han til.

Dei andre kampane i 20. serierunde

Laurdag

Eid - Vik, kl. 16

Sandane - Høyang, kl. 16

Tornado Måløy - Dale, kl. 16

Årdal - Jølster, kl. 16

Måndag

Fjøra - Sogndal 2, kl. 17