Hopp til innhold

Svært stor interesse for buet etter Ricco Vero

Kring ti aktørar har melde si interesse for buet etter at Ricco Vero i går melde oppbod. I dag måtte bustyrar be om arbeidsro.

Riccovero

STENGT: Døra var låst og lyset var slått av i Ricco Vero sin butikk i Stryn i går.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det har vore ein del interessentar som har teke kontakt, både i går og i dag.

Det seier Andreas Rønnekleiv som er utnemnt som bustyrar.

I går kom nyhenda om at den 80 år gamle konfeksjonsverksemda Ricco Vero i Olden var konkurs.

Kring ti aktørar har melde si interesse for buet, og i tillegg har det vore stor pågang frå media.

Det var selskapa Ricco Vero AS, Ricco Vero Detalj AS og RV Exhibition AS som 2. april melde oppbod. Inntektene fall heilt bort då koronatiltaka vart innført i landet. På berre tre veker tapte selskapa 10 millionar kroner i tapte inntekter.

Den usikre framtida, samt ein sterkt svekka kronekurs, gjorde at selskapa melde oppbod.

Stor pågang

Bustyraren måtte fredag sende ut ei pressemelding for å be om arbeidsro.

– Det er ikkje ofte vi opplever så stor interesse, seier han til NRK.

At interessa er såpass stor frå media, interessentar og andre trur han skuldast at selskapet hadde eit godt rykte på seg.

– Det er spesielt, sidan det er ei bedrift som har vore oppe og gått lenge. Dei har eit godt rykte på å levere gode produkt, slik eg opplev det.

No jobbar dei på spreng med å få oversikt over verdiane i selskapa. Tingretten la til grunn at dei samla verdiane i selskapet var på vel 11 millionar kroner.

Då selskapa slo seg konkurs torsdag var den samla gjelda på nesten 19 millionar kroner.

Prioriterer dei tilsette

Bustyrar prioriterer no å sikre dei tilsette rettane sine.

– Vi jobbar no med å sende opp oppseiingar og ordne med lønsgaranti. Det er eit arbeid som tar noko tid.

30 heiltidstilsette, 31 deltidstilsette og 19 tilkallingshjelper står heilt eller delvis utan arbeid etter konkursane.

I tillegg jobbar han med å finne ei best mogleg løysing for kreditorane.

Rønnekleiv trur det skal gå fint å gjere opp buet, men sjølv med eit titals interesserte vil arbeidet kunne ta litt tid grunna koronasituasjonen.

– Det vil det antageligvis gjere, det står jo litt stilt i landet vårt. I tillegg kjem påska.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med Finn Kvamme som var hovudaksjonær i Ricco Vero.