Eitt års utsetting for Førdefjorden

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) vil ha meir kunnskap før det blir gitt tilråding for eller imot fjorddeponi i Førdefjorden.

Fjorddeponiet i Førdefjorden
Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

Ellen Hambro

FØRDEFJORDEN PÅ VENT: Direktør Ellen Hambro i Klif.

Foto: John Petter Reinertsen

På ein pressekonferanse i dag sa direktør Ellen Hambro at det trengst meir kunnskap om konsekvensane av eit fjorddeponi av gruveavfall. Klif vil difor ha ei gransking som fylgjer straumane i fjorden over eitt år før dei vil seie ja eller nei til eit eventuelt deponi.

Manglar kunnskap

Nordic Mining har planar om eit sjødeponi med 250 millionar tonn overskotsmasse frå gruvedrifta. Dette vil dekke om lag tre kvadratkilometer av fjordbotnen, det utgjer fem prosent av arealet i Førdefjorden.

Klif legg i sin konklusjon vekt på mykje er godt utgreidd, men det manglar kunnskap på ein del område. Difor tilrår direktoratet måling av straumar i heile vassøyla gjennom eit heilt år for å fange opp variasjonar gjennom året.

Klif vil og ha fleire testar av kjemikalia som blir brukte til å skilje gråberg og mineralproduktet (rutilet) med omsyn til nedbrytingstid i miljøet, og det trengst grundigare kartlegging av lydtrykket frå spreniging og korleis skremmeeffekten vil påverke fisken.

LES OGSÅ: Fire etatar saman mot fjorddeponi

LES OGSÅ: Frårår fjorddeponi i Førdefjorden

LES OGSÅ: Solheim møtt av demonstrantar

Du kan fylgje pressekonferansen Klif til her:

DN går imot deponi no

Seksjonssjef Trond Simensen i Direktoratet for naturforvalting sa at hans instans ikkje kan gå inn for fjorddeponi med den kunnskapen ein har no.

– Det er risiko for at Førdefjorden som økosystem blir forringa i vesentleg grad. Med ein så stor grad av uvisse om konsekvensane, tillegg DN føre-var-prinsippet i naturmangfaldlova stor vekt. DN vil difor tilrå at innseiinga frå Fiskeridirektoratet til reguleringsplanen blir teken til følgje, seier Trond Simensen.

Direktoratet reknar opp ei lang rekkje tema der kunnskapen er mangelfull:

  • Konsekvensar av vassuttak er ikkje vurdert
  • Det er kartlagt for lite botnareal
  • Påverkand på ålegrasenger er ikkje utgreidd
  • Gytefelt for kveite er ikkje omtalt
  • Konsekvensar for kysttorsk er mangelfullt utgreidd
  • Lite kunnskap om partiklar
  • Mangelfull kartlegging av korallar
  • Effekt på mindre fisk og plankton ikkje vurdert
  • Konsekvensar for fugl og vilt er mangelfullt utgreidd
  • Konsekvensar for friluftsliv er ikkje utgreidd.

I Naustdal sat ordførar Håkon Myrvang og fylgde pressekonferansen. Han var skuffa og litt overraska over konklusjonen til Klif.

– Eg hadde håpa på eit klarare svar frå Klif. Men samstundes trur eg at tilrådinga til Klif veg tyngst i Miljøverndepartementet, og eg ser i første omgang på dette som eitt års utsetting, difor er det ei avgjerd vi kan stille oss bak. I alle høve blir dette ei stor valkampsak.

Anne-Line Thingnes Førsund i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe var til stades på presssekonferansen, og ho tok ordet og takka for det ho kalla ei klok avgjerd.

– Eg er glad for at de har brukt føre var-prinsippet i denne saka. Men eg undrar meg over at de berre tek stilling til fjorddeponiet og ikkje heile søknaden om gruvedrift.

LES OGSÅ: Viktig dag for Førdefjorden

– Beslutningsvegring

Men generalsekretær Elisabeth Gammelsæter i Norsk Bergindustri er negativ til at det no blir kravd fleire granskingar.

– Søknaden er etter mi oppfatning grundig utgreidd, og det finst grenser for kva ekstara utgreiing gir. Dette er eit alvorleg signal som tyder på beslutningsvegring hå styresmaktene.

På den andre sida meiner ho det er bra at Klif ikkje sa nei til deponiet.

– Det er truleg vel verd å vente på rutilressursen i Engebøfjellet, seier Elisabeth Gammelsæter.