Hopp til innhold

Solhjell må sjekke habiliteten

Nyutnemnd miljøvernminister Bård Vegar Solhjell seier han vil få sjekka sin eigen habilitet i spørsmålet om deponering av gruveslam i Førdefjorden.

Nøkkelseremoni

FEKK NØKKELEN: Bård Vegar Solhjell overtok i dag kontoret til Erik Solheim som mot sin vilje måtte forlate statsrådsposten.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

I dag fekk naustedølen overrekt nøklane frå Erik Solheim som no er ferdig som miljøvernminister. Ei av sakene Solhjell får på bordet, er søknaden frå Nordic Mining om gruvedrift i Vevring og sjødeponi i Førdefjorden der overskotsmassen skal dumpast.

Har sagt han skal vere garantist

Fleire instansar har uttalt seg om saka, og det er til slutt Miljøverndepartementet som skal avgjere saka. Solhjell, som kjem frå Naustdal, har tidlegare sagt at SV skal vere garantist for ein rein fjord.

– Noko av det første eg skal gjere, er å be departementet avgjere om eg er habil til å behandle den saka. Det gjer eg fordi eg har uttalt meg om denne saka før. No ber eg lovavdelinga i Justisdepartementet om å sjekke dette, seier han.

Den raud-grøne regjeringa har hatt fleire problematiske saker som gjeld habilitet. Manglande habilitetsvurdering var årsaka til at Audun Lysbakken måtte trekkje seg som statsråd.

Vil ikkje seie meir enno

Solhjell seier det er viktige spørsmål han skal setje seg inn i framover.

– Eg veit det har kome nye faglege tilrådingar som eg ikkje har fått sett meg inn i. Utover det vil eg ikkje seie meir før eg har kome på plass i departementet. No må første habiliteten undersøkjast.