Hopp til innhold

Fiskeridirektoratet kallar deponiet i Førdefjorden for avfallsplass

Fiskeridirektoratet syner til Tanums store ordbok for å få fram si meining om deponiplanane i Førdefjorden - det er rett og slett ein avfallsplass.

Fjorddeponiet i Førdefjorden

AVFALLSPLASS: Fiskeridirektoratet tar bladet frå munnen og er nådelaus i karakteristikken av planane til Nordic Mining i Førdefjorden: Dette er ein avfallsplass.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

Det er i ein artikkel på fiskeridirektoratet den sterke karakteristikken av planane til Nordic Mining om eit deponi av i Førdefjorden kjem fram.

Seniorrådgjevar i Fiskeridirektoratet, Frank Jacobsen, karakteriserer rett og slett planane for eit deponi i Førdefjorden som ein avfallsplass.

Tanums store rettskrivingsordbok

Det gjer han ved å syne til Tanums store rettskrivingsordbok der han syner til at eit deponi betyr lagring, men at det i Førdefjorden er planer for lagring langt inn i evigheita.

Men han skriv: «Vi bør kalle en spade for en spade; dette er en avfallsplass. »

Fatale følgjer for fjorden

Jacobsen karakteriserer planane om å dumpe 600 000 - 900 000 tonn avfall frå gruvedrifta rett i fjorden i 40 - 50 år som «gigantiske», og at dette kan få fatale følgjer for livet i fjorden.

Fiskeridirektoratet reist motsegn mot reguleringsplanane. No er planane og motsegna på Miljøverndepartementet sitt bord.