Hopp til innhold

Vil ha brukarstemma i abortutvalet

SV-politikar Marthe Hammer etterlyser kvinner med erfaring frå abort og stemmer frå kvinnerørsla i det nye abortutvalet til regjeringa.

Marte Hammer

MANGLAR VIKTIGE STEMMER: Marthe Hammer, gruppeleiar for SV i Vestland og tidlegare kvinnepolitisk leiar i SV, er ikkje fornøgd med samansettinga av det nye abortutvalet.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det er sett ned eit historisk arbeid med å utarbeide ny abortlov og då er det viktig at det har med seg ei brei samansetting av stemmene i abortdebatten, seier Marthe Hammer, gruppeleiar for SV i fylkestinget i Vestland.

Fredag presenterte helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) dei 13 personane som skal sitte i abortutvalet. Utvalet skal mellom anna vurdere dagens abortnemnder og ei utviding av abortgrensa.

I utvalet sit det mellom anna seks legar og tre juristar.

– Det er naturleg at det er med juristar og andre fagfolk, men det er påfallande at det ikkje er brukarrepresentasjon, seier Hammer.

– Brukarstemma er viktig

Elisabeth T. Swärd er seniorrådgjevar for kvinnehelse og forsking i Norske Kvinners Sanitetsforening. Ho leier også brukarrådet på kvinneklinikken i Oslo Universitetssjukehus, sit i kvinnehelseutvalet og i styret til Sex og samfunn.

Ho synest mange dyktige folk har fått plass i utvalet, men etterlyser representasjon frå kvinner som sjølve har erfaring med abort eller å møte i nemnda, i tillegg til representantar frå kvinnerørsla.

– Når helseministeren legg vekt på at det skal vere kunnskap og erfaring i dette, ulik kompetanse og relevant aktørar, så er det problematisk at ikkje brukartilnærminga er med, seier Swärd.

– Har teke politiske val

Hammer meiner òg at det burde vore stemmer frå den radikale kvinnerørsla i utvalet og meiner det er teke politiske val i korleis utvalet er sett saman.

Ho meiner Kjerkol må sjå på utvalet på ny.

– For at dette arbeidet ikkje skal miste legitimitet allereie ved starten, er det viktig at det er i brei samansetting.

Har fått inn to nominerte

Organisasjonen Menneskeverd har nominert to personar som har fått plass i utvalet.

Det er vi veldig glade for, seier Maria Elisabeth Selbekk i organisasjonen.

Morten Magelssen, førsteamanuensis ved Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo. Professor II i bioetikk ved MF vitskapeleg høgskole og Kristin Holanger Bodenstein, nestleiar i Jordmorforbundet, er begge nominerte av Menneskeverd.

Organisasjonen vil styrke fosteret sine rettar og ønskjer ikkje ei utviding av dagens abortgrenser, heller ikkje at nemndene blir fjerna.

Les også Regjeringen utreder historisk utvidelse av abortloven

Abortutvalg

Helsepersonell kan oppleve nemndene som ein buffer. Det kan opplevast tungt å utføre seinabortar. At det finst ei grunngjeving, gir tryggleik, seier Selbekk.

Ho seier ho ikkje kjenner alle namna i utvalet og at det derfor er vanskeleg å svare på om alle perspektiv er varetekne.

Men det er positivt at det er så stor fagleg tyngde i utvalet.

Vil ikkje endre utvalet

Statssekretær Ellen Moen Rønning-Arnesen (Ap) i Helse- og omsorgsdepartementet meiner det er naturleg at samansettinga av utvalet skaper debatt.

Ho meiner likevel regjeringa har fått på plass eit breitt utval med relevant kompetanse og representantar frå heile landet.

– Viss utvalet ønsker å involvere brukarar står dei heilt fritt til det, seier ho.

Statssekretæren er samd i at kvinnerørsla er ei viktig kraft i debatten, men å endre utvalet er ikkje aktuelt.

– Utvalet er no oppnemnt av regjeringa. Dei har brei kompetanse og dei representantane vi meiner er riktig, så vi ser ikkje noko behov for å endre den samansettinga.