Hopp til innhold

Surfarar redde for å bli spidda på torpedert vrak frå krigen

I januar 1944 blei eit tysk lasteskip torpedert utanfor Stadlandet. No fryktar surfarar at dei kan bli spidda av vraket som ligg ved ein av landets mest populære surfestrender.

Til Erviksanden valfartar erfarne surfarar frå heile verda for å boltre seg i bølgene. Men under havoverflata lurer det ein fare som gjer at fleire no uroar seg for at surfeidyllen kan få dramatiske følgjer.

SPISSE TAGGAR: Rett under vasskorpa stikk det opp jernspyd frå det havarerte skipet.

Foto: Jon Frogner

Den fremste delen av S/S «Emsland» stranda i Ervika, der bygdefolket forsynte seg med kol, som skipet var lasta med.

Sidan har vraket vore til bry. Særleg etter at Stadlandet blei eit mål for surfarar verda over.

– Nære på

– Nokon kan bli spidda, seier Jon Frogner.

Han bur ved rett Ervikstranda og har lært seg å manøvrere rundt «spyda» som lurer rett under havoverflata.

Men han er uroa for tilreisande surfarar som ikkje er like lokalkjende.

– Det var nære på førre helg, seier han.

Då kom ein mann borti spyda med kroppen og slo hol på brettet sitt. Heldigvis trefte han sida på staget, og ikkje spissen.

Ervik er ein eksotisk stad å surfe på.

POPULÆRT: Ervika på Stadlandet trekker stadig til seg fleire og fleire surfarar frå heile verda.

Foto: Camilla Knudsen

Vil sprenge vekk spyda

Ordførar i Stad, Alfred Bjørlo, er også uroa.

I fjor åtvara han Kystverket om eit «stadig meir presserande» problem ettersom kommunen får fleire surfarar på besøk.

Fordi skipsvraket er for «kulturminne» å rekne, har det eit visst vern i Forureiningslova.

Ordføraren foreslo difor å «skjære vekk dei aller farlegaste metalldelane».

Jon Frogner foreslår sprengladningar eller vinkelslipar.

– Med riktig verktøy bør ikkje dette vere noko stor operasjon, seier han.

Ei synfaring har vore planlagt, men grunna koronasituasjonen har denne blitt utsett fleire gonger.

Men Kystverket skriv i ein e-post til NRK at det vil bli vanskeleg å merke vraket, anten det er på den eine eller den andre måten.

Vraket av "Emsland" i Ervika

BLEI BOMBA: Det tyske lasteskipet «Emsland» møtte ein ublid skjebne i Ervika på Stad i januar 1944.

– Kjempeviktig å merke

Det vil uansett ta tid før noko blir gjort. Enn så lenge ligg vraket der til uro for dei mange surfarane som kjem til området.

– Erfarne surfarar som bur i Ervik er klare over vraket. Men no har vi fleire og fleire tilreisande, og mange av dei veit ikkje om vraket. Difor er det kjempeviktig at vraket på ein eller annan måte blir merka.

Det seier Aina E. Skogseid i Stad sjøredningsklubb. Ho fryktar det verste.

– Det er straumar i vatnet og du kan kome opp i ein situasjon kor du blir liggande rett over vraket. I verste fall kan du bli alvorleg skadd.

Skipsvrak skapar trøbbel for surfarar

SURFS UP: Skipsvrak skapar trøbbel for surfarar