Hopp til innhold

Styrka i trua om få halde på E39

Ordførar Anders Ryssdal i Gloppen og varaordførar Kjell Magne Åshamar er styrka i trua om at E39 vil bli liggjande som i dag.

Synfaring med vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

SYNFARING: Vegdirektør Terje Moe Gustavsen på synfaring med ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal, og varaordførar i Eid, Kjell Magne Åshamar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I møte med vegdirektør Terje Moe Gustavsen orienterte kommunane og bruselskapet for ferjefri fjordkryssing for kvifor E39 ikkje bør flyttast om Stryn.

Med på møtet var også Kjell Opseth.

– Eg kan vel konkludere med at eg er styrka i trua. Det ut frå at vi møtte ein vegdirektør som lytta, og vi fekk argumentert godt for våre synspunkt, seier varaordførar Kjell Magne Åshamar i Eid.

Både bru og E39

I Nordfjord er kommunane i midtre og indre Nordfjord usamde om kven som skal få stamvegen i framtida. E39 går i dag via Gloppen og Eid. Begge ynskjer seg ferjefri fjordkryssing.

I midtre er ei bru mellom Anda og Lote rekna til 2,5 milliardar, med byggjestart i 2012. Det er også vilje til at brua blir bompengefinansiert.

Åshamar vedgår at frykta for å miste den viktige stamvegen, har vore reell.

– Vi har ikkje vore heilt trygge på at vegen landar midt i regionen i og med at det er trekt fram trasear som går beint fram i fylket, og som ikkje tek omsyn til verken regionale eller lokale verknader, og stortingsvedtak, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Synfaring med Vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

NØGDE: Terje Moe Gustavsen og Kjell Opseth, flankert av Anders Ryssdal (t.v.) og Kjell Magne Åshamar (t.h.).

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Vil ha Kvivsvegen

Det er til sjuande og sist samferdslepolitikarane i Oslo som skal avgjere lagnaden. Denne skal også ut på høyring.

Ryssdal meiner dagens møte og synfaring med vegdirektøren var positivt.

– Vi fekk sjølvsagt ikkje noko signal verken slik eller sånn, men eg følte vi fekk lagt fram det vi meiner Konseptvalgutredning (KVU) har lagt lite vekt på for strekka mellom Skei og Ålesund, seier han og presiserer at E39 i framtida skal gå via Kvivsvegen, som vedteke.

(Artikkelen held fram under kartet)

Stamvegalternativ E39

ALTERNATIV: Skal E39 i framtida gå vest over dagens trasé i Stigedalen i Eid, eller lenger aust over nye ferjefrie Kvivsvegen mellom Volda og Hornindal som står klar i 2012? Og i så fall bør ein ha tunnel gjennom Utvikfjellet?

Foto: Statens Vegvesen

Større effekt

Åshamar poengterer at E39 og ei bru midt i regionen, betyr raskare veg mellom Eid og Sandane og at vågsøyværingane kjem nærare sambandet både nordover og sørover. Etablerer ein ferjefri E39 midt i regionen betyr det også bortfall av ei ferje, noko som vil bli vanskelegare dersom stamvegen blir flytta.

Han meiner E39 som i dag gagnar ein større del av Nordfjord.

– Flyttar ein traseen nærare Strynefjellet, så vil det vere positivt for Stryn, men det vil også bety at ein flyttar vegen frå folk mot fjellet. Då vil det bu 8 000 aust for E39, medan det bur 25 000 vest for E39. Går vegen mellom Gloppen og Eid, så blir det meir balanse sjølv dei fleste framleis vil bu vest for stamvegen, seier han.