Hopp til innhold

- Gjer ikkje det beste for fylket

Kjell Opseth hardt ut mot stryningane i kampen om E39.

Nils P. Støyva

Nils P: Støyva, ordførar i Stryn, møter mostand frå styreleiar i Nordfjordkryssing A/S Kjell Opseth for innspela om E39.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

- Eg hadde rekna med at dei kasta seg inn i debatten, men det hadde vore betre om dei ikkje hadde gjort det, seier styreleiar i Nordfjordkryssing A/S, Kjell Opseth.

Gjer ikkje det beste for fylket

Kjell Opseth

Kjell Opseth meiner stryningane ikkje gjer det som er best for fylket i kampen om E39.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

Han viser til at Stryn kommune har lagt fram åtte forskjellige alternativ for å flytte E39 til Stryn. Samstundes har Støyva gjentekne gonger sagt at trasseen for E39 gjennom Gloppen, Eid og Kviven skal ligge fast.

Opseth seier han ikkje er overraska, men meiner stryningane er på feil kurs.

Staten har sett i gong ei konseptvalutgreiing for strekninga Skei - Ålesund, og Nils P. Støyva føresler fleire trasear innerst i Nordfjord.

Endra syn

E39

E39 er ei kampsak for mange. Nokre vil ha vegen om Kvivsvegen, andre meiner det beste ville vore om den gjekk over Stigedalen.

Men dette er stikk i strid med det han gjentekne gonger har sagt, seinast sommaren for tre år tilbake.

- Stortinget har bestemt at E39 skal gå gjennom Sandane, Eid og via Kvivsvegen. Det stiller vi i Stryn oss bak. Og det er ingen grunn til å ta opp att den diskusjonen, sa han den gongen.

Men Støyva forsvarar at han har skifta syn.

Han viser til at Stryn kommune har spelt inn åtte ulike alternativ der eitt av dei er mellom Lote og Anda som i dag.

- Held seg ikkje til vedtaket

Nils P. Støyva

Nils P. Støyva forstår ikkje kritikken frå Kjell Opseth.

Foto: NRK

Bruforkjemparane i midtre har på si side ikkje spelt inn eitt einaste alternativ der Kvivsvegen er vegtrase mellom Eid og Volda, meiner Støyva.

- Eg registrerer at dei ikkje held seg til vedtaket frå Stortinget og Miljøverndepartementet. Det er heilt naturleg at vi speler inn vårt syn, men vi har også teke med det alternativet som går mellom Lote og Anda, seier Støyva.

- Støyva tek feil

Men ordførar i Gloppen Anders Ryssdal meiner Støyva må ha misforstått fullstendig. Han seier at både bruselskapet Nordfjordkryssing A/S og Gloppen og Eid kommunar har vore krystallklare på at E39 skal gå via Kvivsvegen.

- Bruselskapet er mellom anna eigd av Gloppen, Eid og Stryn kommunar. Vi støttar fullt opp om dagens trase for E39 inkludert Kvivsvegen.

- Vi er også medlemmer av E39-utvalet som består av kommunane langs E39 i Sogn og Fjordane, i tillegg til organisasjonar og næringsliv. Også dette utvalet står på at det er dagens trase som skal gjelde, avsluttar Ryssdal.