Hopp til innhold

Her er alternativa til ferjefri E39

Statens vegvesen har tre hovudalternativ for ferjefri veg mellom Volda og Skei. Billegaste alternativet er på 4,5 milliardar kroner.

E39 på Kleivedammen ved Sandane

ALTERNATIV: To av tre alternativ går om Sandane.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Alternativa vil bli lagt fram på eit utgreiingsmøte på Nordfjordeid 25.januar, det skriv Fjordabladet.

Bru over Nordfjorden

Fyrste alternativet går frå Volda, via Kvivsvegen-Kjøs-og vidare mot Eid, men med tunnel frå Breisvora til Lote og bru over Nordfjord. Vidare går vegen om Sandane mot Skei.

Prislapp: 5030 millionar kroner. Tid: 88 minutt. Alternativet gjer at ein ikkje lenger treng ferja Lote-Anda.

Over Stigedalen

Andre alternativet går med bru over Voldsfjorden om Stigedalen, og deretter tunnel til bru mellom Lote og Anda. Vidare går vegen om Sandane til Skei.

Prislapp: 8594 millionar kroner. Tid 65 minutt. Alternativet vil avløyse både ferja mellom Volda og Folkestad og mellom Lote og Anda.

(Artikkelen held fram under kartet.)

Stamvegalternativ E39

ALTERNATIVA: Skal E39 i framtida gå vest over dagens trasé i Stigedalen i Eid, eller lenger aust over nye ferjefrie Kvivsvegen mellom Volda og Hornindal som står klar i 2012? Og i så fall bør ein ha tunnel gjennom Utvikfjellet?

Foto: Statens Vegvesen

Tunnel gjennom Utvikfjellet

Tredje og siste alternativet går frå Volda om Kvivsvegen, og med bru over Nordfjord ved Svarstad. Vegen held fram i tunnel gjennom Utvikfjellet om Byrkjelo og i retning Skei.

Ålesund-Skei på to timar

Vegvesenet ynskjer på kort sikt å redusere reisetida til 2,5 timar mellom Ålesund og Skei. På lang sikt skal same strekninga kunne tilbakeleggast på to timar.

Prislapp: 4539 millionar kroner. Tid 66 minutt.