10.02.2012

- Stigedalen ikkje aktuelt

E39

HER ER DEI TO ALTERNATIVA: Vegen til venstre er Stigedalen, til høgre ser ein forslaget som går via Grodås og Kvivsvegen.

Stigedalen er uaktuell som stamveg mellom Nordfjord og Sunnmøre. Saka er avgjort seier statssekretær.

- Eg synest det er underleg, seier ordførar i Eid Sonja Edvardsen.

- Heilt uaktuelt

Lars Erik Bartnes (Foto: Senterpartiet)

Statssekretær i Samferdsledepartementet Lars Erik Bartnes

Foto: Senterpartiet
Sonja Edvardsen (Foto: NRK)

Sonja Edvardsen vert provosert av statssekretæren.

Foto: NRK

Kvivsvegen

  • Kvivsvegen vil gjere vegen ferjefri mellom Festøya i Møre og Romsdal og Lote i Sogn og Fjordane.
  • I tillegg vil det gje eit nytt samband mellom aust og vest mellom indre Nordfjord og Søre Sunnmøre.
  • Denne vegen vil gå inn i kyststamvegen som inkluderer Kristiansund, Bergen, Ålesund og Trondheim.

Stigedalen

  • Stigedalen vil føre til at det vert ferjefritt på E39 gjennom Eid og Stigedalen.
  • Ei kort bru vidare på vegen vil føre E39 over på Kvivsvegtraseen mot Volda.
  • Det vil krevje utbetring av Leivdalsbrua, eventuelt føre til ei tunnelløysing gjennom Stigedalen med ny tunnel mot Lote.
  • Deretter vil det krevje bru over fjorden til Anda, før ein følgjer dagens trasé med stamvegopprusting til Skei i Jølster.

Departementet har opna opp for ny debatt om kvar vegen mellom Nordfjord og Sunnmøre skal gå, og har bede om innspel frå folk i regionen. I førre veke var det ei samling om saka som gjekk over to dagar der det vart opna for diskusjonar og debatt. Resultatet av møtet vart to alternative vegar, eine om Stigedalen. Den andre om Kvivsvegen.

Men i dag seier statssekretær i Samferdsledepartementet, Lars Erik Bartnes at det allereie er klartgjort at vegen skal om Kviven.

- Stigedalen er uaktuell som stamveg mellom Nordfjord og Sunnmøre.

Provoserer ordføraren

Eid-ordførar Edvardsen blir provosert når ho høyrer at statssekretæren i Samferdsledepartementet utelukkar Stigedalen som alternativ for E39. Og det etter at dei inviterte til ein ny debatt om kvar vegen skal gå.

Ho finn det svært underleg at departementet opnar for ny debatt i saka samstundes som dei utelukkar andre alternativ enn Kvivsvegen.

Meiningslaust

- Det vert meiningslaust om vi skal sitje med ei konseptutvalsutgreiing samstundes som det allereie er bestemt at det ikkje kjem endringar likevel. Arbeodet vi legg ned vert heilt urealistisk, seier Edvardsen.

I dag går E39 gjennom Stigedalen via Eid.

- Det stemmer at vi har sett i gong ei utredning for å sjå på ulike konseptuelle val av denne stamevegen. Men eg meiner vi har vore tydelege på at stamvegen skal gå om Kvivsvegen. Og det utelukkar Stigedalen, seier Bartnes.

- Er dette hundre prosent sikkert?

- Ja, og meir enn det.

- Dolka i ryggen

Edvardsen kjenner seg dolka i ryggen av departementet.

- Du føler at ein heil region vert ført bak lyset, seier ho.