Hopp til innhold

Krev omkamp om E39

Ordførar Sonja Edvardsen i Eid opnar for at Stigedalen også i framtida skal vere stamvegtrasèen mellom Eid og Sunnmøre.

Sonja Edvardsen

Sonja Edvardsen vil ha omkamp om kvar E39 skal gp.

Foto: NRK

- Å ta fram Stigedalen som eit alternativ vil også vere med på å utvikle regionen, seier Sonja Edvardsen, ordførar i Eid.

E39

HER ER DEI TO ALTERNATIVA: Vegen til venstre er Stigedalen, til høgre ser ein forslaget som går via Grodås og Kvivsvegen.

Opna for ny debatt

E39 går i dag gjennom Stigedalen, men Stortinget har vedteke at Kvivsvegen mellom Hornindal og Volda skal bli den nye stamvegen når veg- og tunnelstrekninga står ferdig neste år. No har imidlertid Samferdselsdepartementet opna for å sjå med heilt nye auge på strekninga mellom Byrkjelo og Ålesund på Sunnmøre. Indre Nordfjord, med Stryn i spissen, vil leggje stamvegen via Stryn, noko som har fått Eid til igjen å fremje kravet om å få stamvegen via Stigedalen.

Edvardsen poengterer at ho støttar kravet om stamveg med ny bru Anda-Lote og vidare til Sunnmøre via Eid og Kvivsvegen. Men dersom alternativet er at stamvegen skal gå via Stryn, er Edvardsen klar på at Stigedalen er eit langt betre alternativ.

- E39 gjennom Stigedalen vil gje den kortaste reisetida mellom Nordfjord og Sunnmøre og må vurderast nøye, meiner ho

Svarar på utspel

Flaten og Flatebø

Redaktørane Bengt Flaten og Tormod Flatebø skuldar kvarandre for tull og lureri i debatten om E39

Ordføraren var på møtet i Loen i førre veke der det var verkstad for å sjå på ulike løysingar for vegen. Og der kom Stigedalen opp som eit alternativ.

Ho kjem med utspelet som svar på Stryn sin kamp for å få lagt stamvegen via Stryn, og ikkje via Eid som i dag.

- Er det eit realistisk alternativ?

- Det er den kortaste reiseruta og vegen ligg i den midtre leia, seier ho.

Høyr Bengt Flaten og Tormod Flatebø i diskusjon om E39 i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane frå klokka 16.03 i dag tysdag.