Hopp til innhold

Kartlegging av ukrainske flyktningar: – Vanskelegare å integrere enn vi trudde.

Dei vil gjerne bidra i samfunnet, men slit med språket. No er Hanna og foreldra uroa for at nordmenn skal byrje å sjå på ukrainarar som ei byrde.

Familien Kameniev

Iryna Kamenieva, Ihor Kameniev og Hanna Kamenieva flykta frå heimbyen Zaporizjzja,

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Det er viktig for ukrainarar å hjelpe til å samfunnet. Dei fleste gjer alt dei kan for å finne arbeid og integrere seg.

Hanna Kamenieva ukrainsk flyktning

Ordføraren i Askøy kommune i Vestland, Yngve Magnus Fosse (H), har mange utfordringar.

Det er vanskeleg å få gode nok tenester i ein kommune som slit med økonomien.

Kommunen sin del i dugnaden, som oppstod for snart to og eit halvt år sidan, har ytterlegare sett press på mange av dei.

Sidan Russland gjekk til åtak på nabolandet sitt i 2022 har 65.000 ukrainarar kome til Noreg.

Øykommunen til Fosse har teke imot 235 av dei.

Yngve Fosse, ordfører i Askøy kommune for Høyre.

Yngve Fosse frå Høgre er ordførar i øykommunen Askøy, like nord for Bergen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Det er om lag på snittet målt mot folketalet. Likevel fortel Høgre-ordføraren om store utfordringar.

– Det har vore vanskar med språkopplæring. Det har vore utfordringar med bustadar. Og så legg det eit press på dei kommunale tenestene. Særleg helsetenestene, seier Fosse.

Mange andre kommunar skildrar det same biletet.

– Vi trudde dei ville integrerast fort. Det skjedde ikkje.

Utsira

Så mange ukrainarar har din kommune teke i mot

Språkproblem og sjukdom

– Det var nokså urealistiske forventningar i starten. Det seier forskar Vilde Hernes.

Ho er prosjektleiar for rapporten om flyktningar frå Ukraina som arbeidsgjevaren hennar, Oslo Met, står bak.

– Ukrainarane skulle vere arbeidsinnvandrarar som skulle hoppe rett ut i jobb, heilt problemfritt.

Men tala viser at det er store integreringsutfordringa:

Vilde Hernes, forskar ved NIBR, Oslo Met

Vilde Hernes har forska på korleis ukrainarar blir integrerte i Noreg.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK
  • Språkutfordringar: 6 av 10 ukrainarar i Noreg snakkar ikkje noko engelsk. Berre 11 prosent snakkar flytande engelsk. Det syner tal frå undersøkinga til Oslo Met.
  • Ut i arbeid: Andelen ukrainarar som kjem seg ut i arbeid er ikkje høgare enn for andre flyktninggrupper, viser undersøkinga. Desse tala er om lag eit halvt år gamle.
  • Helseplager: Seks av ti ukrainarar rapporterer at dei har langvarige sjukdomar eller plager. Det syner tal frå Folkehelseinstituttet. Særleg er tannhelsa dårlegare for ukrainarar enn for nordmenn.
  • Alderssamansetnad: 13 prosent av ukrainarane er over 55 år gamle. Om lag 3000 ukrainarar over 66 år er busette i norske kommunar. Til samanlikning er berre 3 prosent av andre flyktningar over 50 år gamle når dei kjem til Noreg.

– Det totale talet eldre er mykje høgare enn tidlegare år, seier Hernes.

Integreringsapparatet treng heilt annan kompetanse og eit anna tilbod enn for folk i arbeidsdyktig alder.

Vilde Hernes seniorforskar, Oslo Met

Vil vere til nytte

Hanna Kamenieva er ein av over 65.000 ukrainske flyktningar som har kome til Noreg sidan krigen starta. Og ein av dei 235 som har kome til Askøy.

Men ho er meir enn berre eit tal.

Kamenieva var økonom i finansdepartementet i heimlandet. På eit år har ho lært seg norsk godt nok til å bli assistent på ein barneskule.

Hanna Kamenieva

Hanna Kamenieva kom til Noreg for eit år sidan.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Det er viktig å finne seg ein jobb. Det gjev fridom. Du blir ein del av samfunnet, og lærer språket lettare, seier Kamenieva.

Ho kom til Noreg saman med dei to foreldra sine, som er i pensjonsalderen.

I Ukraina hadde dei ein stor hage der mor Iryna dyrka tomatar. Faren Ihor var direktør i eit transportselskap.

Dei budde ved elva Dnepr. No bur dei i ein leilegheit med utsikt over Byfjorden og Bergen.

– Det er vanskelegare for folk på vår alder. Vi får ikkje så lett vener, og det er vanskelegare med språket, seier Ihor Kameniev (68).

Les også Vladyslav ble fast ansatt etter å ha vært i Norge i under ett år

Vladislav Levchenko, skjærer på Gårdsand.

Hanna Kamenieva seier ho er uroa for at nordmenn skal byrje å sjå på ukrainarar som ei byrde, meir enn ein ressurs.

– Det er viktig for ukrainarar å hjelpe til å samfunnet. Dei fleste gjer alt dei kan for å finne arbeid og integrere seg.

Dette er eit tema mellom ukrainarar i Noreg, og ho seier dei fleste er opptekne av å raskt lære språket vårt.

Familien Kameniev

Familien Kameniev budde ved elva Dnepr. No bur dei ved Byfjorden.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Meiner dei er ein stor ressurs

NRK har vore i kontakt med mange kommunar for å ta del i deira erfaringar med ukrainske flyktningar.

Dei fleste løfter fram at sjølv om det har vore utfordringar, er og ukrainarane ein stor ressurs.

I Ullensvang i Hardanger tok dei imot særleg mange flyktningar tidleg i angrepskrigen. Til saman har kommunen no busett 201 ukrainarar.

Roald Aga Haug, ordfører i Odda kommune (Ap)

Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang kommune.

Foto: Henrik Evertsson

Vi ser at utfordringane har vore større enn vi trudde. Likevel vil eg seie at det har vore verdt det for vår kommune.

Roald Aga Haug ordførar (Ap) i Odda

Haug minner om at dei tek imot flyktningar først og fremst av mellommenneskelege omsyn.

Samstundes har ukrainarane bidrege med verdfull arbeidskraft i ein kommune som slit med fråflytting.

Askøy-ordførar Fosse er samd i at ukrainarane både er ein utfordring og ein ressurs.

– Det er ei ressurssterk gruppe, og dei vil integrerast. Vi har fått mange ut i arbeidslivet, sjølv om det ikkje er i det området dei er utdanna i.

Fosse seier han ikkje kan svare på om det er større utfordringar med ukrainarar enn andre flyktningar.

Ordførar og ukrainsk flyktning

Ordførar Yngve Fosse og Hanna Kamenieva utanfor rådhuset.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ministeren imponert

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) seier ho er imponert over viljen i kommunane til å ta i mot ukrainske flyktningar.

– Samtidig veit vi det har blitt eit stort press på mange kommunar. Det er difor vi strammar inn på rettane til nykomne, seier ministeren.

Tonje Brenna

Tonje Brenna, arbeids- og inkluderingsminister, Ap

Foto: William Jobling / NRK

– Det har vore heilt naudsynt, og har gjeve resultat. Det kjem no 40 prosent færre flyktningar enn i fjor. Vi er nøydde nøydde til å ha ein berekraftig straum av flyktningar.

Brenna trur det er stor skilnad frå kommune til kommune på korleis dei opplever det er å integrere flyktningane.

NRK har publisert fleire saker om korleis det går med ukrainske flyktningar i Noreg. Her kan du lese fleire av dei:

Les også Flere hundre ukrainere kan få beskjed om å reise hjem

Snart om bord og mot Norge for 70 ukrainere