Hopp til innhold

Studentavis legg ned – fekk nok av konflikt

SOGNDAL (NRK): Studentavisredaktør skuldar direktøren for Studentsamskipnaden for å stoppa kritiske artiklar. – Det kjenner eg meg ikkje att i, svarar direktøren.

Kristoffer Skarstein

ORKAR IKKJE MEIR: – Studentsamskipnaden har lagt press på oss om kva me skal få lov til å skriva og kva me ikkje skal få lov til å skriva, seier Kristoffer Skarstein, redaktør for Røynda, studentavisa i Sogn og Fjordane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er trist. Me har verkeleg brent for Røynda, seier redaktør Kristoffer Skarstein, som har styrt studentavisa i Sogn og Fjordane det siste året.

I denne tida har Røynda kome i konflikt med Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (Sisof). Striden – saman med krevjande rekruttering – er hovudgrunnen til at redaksjonen og styret til Røynda legg ned arbeidet frå 1. oktober.

Omstridd paragraf

Studentsamskipnaden syter for bustad, barnehagar og anna velferd til dei 3800 studentane i Sogn og Fjordane (sjå faktaboks). Samskipnaden betalar òg for Røynda.

Etter eit par år utan aktivitet fekk Skarstein i fjor haust studentavisa på føtene att. Men ein paragraf i vedtektene skapte strid. Der stod det at Røynda skal oppmuntra studentane til å løysa konfliktar – før studentavisa sjølv skriv om det:

  • Paragraf 7.2: «Røynda skal oppmuntre studenter til å løse konflikter gjennom studentdemokratiet. Om dette er prøvd, men ikke har fungert, kan en eventuell publisering vurderes, men da skal motparten i tråd med imøtegåelsesretten varsles.» (Røynda-styret vedtok nyleg å stryka denne paragrafen i ein revisjon av vedtektene.)

Redaktøren var som styreleiar med på å vedta vedtektene, men det skjedde etter krav frå Samskipnaden, hevdar Skarstein:

– Samskipnaden sa at me skulle – så langt det let seg gjera – unngå å omtala høgskulen negativt.

Gav etter for press

– Det kjenner eg meg ikkje att i, svarar Sisof-direktør Randi Marie Sjøholt:

– Vedtektene har Røynda-redaktøren forma ut på eiga hand. Me presiserte at dei etiske reglane til pressa gjaldt for Røynda, som for all anna journalistikk.

Randi Marie Sjøholt

AVVISER REDAKTØRKRITIKK: – Me har aldri pålagt Røynda om å ikkje skriva desse artiklane, men me har ytra ønskje om at dei ikkje skulle gjera det, seier direktør Randi Marie Sjøholt i Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Studentavisredaktøren meiner derimot at Sjøholt i fleire saker har prøvd å stoppa kritiske artiklar. Skarstein ville til dømes skriva om ein kvinneleg student og småbarnsmor som hadde klaga på uro og fyll på studentheimen i Sogndal. Skarstein tok det opp med Sisof-direktøren og fekk, ifølgje han, følgjande svar:

– Sjøholt sa at dei skulle prøva å finna løysing, og at dette då ikkje var noko poeng for oss å skriva om, fordi me måtte tenkja på ryktet til Sisof. Me enda diverre opp med ikkje å skriva om det.

– Er ikkje det litt feigt av deg å gi etter for slikt press?

– Jo, absolutt.

Ja til kritikk, så lenge det ikkje skadar omdømmet

– Ja, der har vore saker som me har bede Røynda om å handtera skånsamt, anten fordi sakene har vore under handsaming, eller fordi omdømet til Sisof kunne bli skada.

På spørsmål om slike oppmodingar kan opplevast som utidig press av ein studentavisredaktør som får pengane sine nettopp frå Studentsamskipnaden, svarar direktøren slik:

– Me har aldri sagt at me bestemmer over Røynda, fordi me gir midlar til dei. Røynda står heilt fritt til å skriva kva dei ønskjer innanfor dei presseetiske reglane.

Sjøholt seier at ho tykkjer det er trist at styret og redaksjonen trekkjer seg, men ønskjer å få inn nye studentar som kan driva nettavisa vidare.